Asker og Bærum Historielag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Asker og Bærum Historielag er eit lokalt sogelag som vart skipa 13. oktober 1952 på Løkke restaurant i Sandvika etter initiativ av askerbøringen Hans Chr. Mamen. Laget tek for seg det geografiske området som Akershuskommunane Asker og Bærum femnar om, og har som overordna mål å verne om kulturminna i dei to bygdene og spreie kunnskap om bygdenes fortid. Laget tek òg sikte på å samle inn og formidle munnleg tradisjon, stadnamn, ættesoge, fotografi, gjenstandar og anna av historisk interesse, og registrere og dokumentere det materialet som vert samla inn.

Historielaget arrangerer føredrag opne for alle og med tema knytte til distriktet eller av meir ålmen karakter, arrangerer turar i nærområdet, til grannekommunar, og dessutan til andre stader av særleg historisk interesse i Noreg og andre land. Laget gjev òg ut årbøker og bøker med lokalhistorisk stoff, og tok del i utgjevinga av trebandsverket Asker og Bærums historie, som låg føre i 1980 – 1982. I dei seinare åra har laget òg samarbeida med skuleetatane i dei to kommunane om kulturtilbod til skuleelevar, formidling av lokalsoge til tilsette i skular og barnehagar, kulturstigar og så bortetter.

Bøker utgjevne av Asker og Bærum Historielag[endre | endre wikiteksten]

  • Hans Chr Mamen: Bygda og banken. 1959
  • Per Brækken, Hans Chr. Mamen: Askerskolen i 1739-1969. 1969
  • Karl Nilsen: Askerbøringen i sorg og glede. 1982
  • Karl Nilsen og Arvid Fossum: Vandringer i askerbøringens utmark. 1980
  • Loyd Granlund, Tore Brønner, Finn Lønnå og Karl Nilsen: Langs Kongevei og gammel Drammensvei gjennom Asker og Bærum. 1986
  • Stein Ryan: Hustrudrapet i Risfjellkastet. 1989
  • Hans Chr. Mamen: Asker under okkupasjonen. 1993
  • Berit Ramsfjell: De fant et nytt hjem. 1995
  • Arvid Fossum: Husmannsplasser i Asker. 1997
  • Jacob Jacobsen: Ridesti, kongevei, motorvei. 1998
  • Jan Martin Larsen, Jon Stenseng, Kjell H Kittelsen, Olav Grosvold: Vestmarka. Veifar og vandring. 2000
  • Kjell H Kittelsen, Jan Martin Larsen: Vestmarka, seterliv og kølabrenning. 2001
  • Ivar B M Alver: Vårherres kurer. 2002
  • Kjell H Kittelsen: Brent kalk. 2005
  • Terje Martinsen: Heggedal. Fra 1800-tallet fra til våre dager. 2008

Samla, innbundne årsskrift (årbøker)[endre | endre wikiteksten]

Historielaget har årleg gjeve ut årsskrift som har vorte samla som bøker under namnet Vest for byen (altså vest for Oslo):

  • Årsskrift 1-5 Vest for byen I, 1961
  • Årsskrift 6-9 Vest for byen II, 1968
  • Årsskrift 10-14 Vest for byen III, 1973
  • Årsskrift 15-18 Vest for byen IV, 1977
  • Årsskrift 19-23 Vest for byen V, 1981
  • Årsskrift 24-27 Vest for byen VI, 1986
  • Årsskrift 28-32 Vest for byen VII, 1992
  • Årsskrift 33-37 Vest for byen VIII, 1998
  • Årsskrift 38-41 Vest for byen IX, 2001

Historielagets litteraturpris[endre | endre wikiteksten]

Historielaget skipa i 1986 ein årleg litteraturpris som skal delast ut til den personen som laget meiner har gjort ein særskild innsats for å dokumentere lokalhistoria i distriktet ved dei skriftlege arbeida, artiklane eller bøkene vedkomande har forfatta.

Prismottakarar har vore:

  • 1986 Hege Larsen: Prinsen fra Tanumbakken solgt for 200 kroner.
  • 1987 Dagfinn Aass: Artikkelserie om vegnamn i Asker og Bærum.
  • 1988 Arne Mohus: Stedsnavn i Bærum.
  • 1989 Trygve Christensen: Bærumsmarka.
  • 1990 Karl Nilsen: Korte illustrerte artiklar i Budstikka. Seinare samla i bokform.
  • 1991 Arvid Fossum: Milorgs virksomhet i Asker under siste krig.
  • 1992 Finn Lønnå: Langs Kongevei og gammel Drammensvei i Asker og Bærum.
  • 1993 Hans Chr. Mamen: Asker under okkupasjonen.
  • 1994 Erling Persbråten: Diverse lokalhistoriske artiklar.
  • 1995 Berit Sagen Ramsfjell: De fant seg et hjem.
  • 1996 Ola Holst: Utrettelig innsats for kystkulturen. Strandsitterhuset på Konglungen.
  • 1997 Arnstein Kirste: Redaktør i Årsskriftet i 4 år.
  • 1998 Freddy Nilsen: Framifrå lokalhistorisk arbeid i Asker og Bærums Budstikke.
  • 1999 Stein Ryan: Hustrudrapet i Risfjellkastet.
  • 2000 Jon C Walter: Likt og ulikt fra Landøyas historie.
  • 2001 Kjell H. Kittelsen og Jan-Martin Larsen: Vestmarka. Veifar og vandring. og Vestmarka. Seterliv og kølabrenning.
  • 2002 Kjell Baalsrud: Bekkene i Bærum.
  • 2003 Bernt Kristian Børresen: Diverse historiske bøker og skodespel.
  • 2004 Robert Ramsøy og Kaare Tisthammer: Høvik Verk – det gode sted å vokse opp.
  • 2007 Gerd Hagen: En beretning om stiftelsen Wøyen.
  • 2008 Ellen Rugstad Jensen: Skolen i Svingen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]