Asker sentrum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Asker sentrum med perrongen og spora på Asker stasjon sentralt i biletet, fotografert av Anders Beer Wilse i august 1923. Skaugumsåsen i bakgrunnen.
Strøket - ei hovudgate i Asker sentrum.

Asker sentrum er eit meir eller mindre offisielt namn på det småbyliknande handels- og administrasjonssenteret i Asker kommune. På dei offisielle karta er namnet berre Asker. For å skilje Asker sentrum frå Asker kommune i dagleg tale, vert det lokalt nytta formuleringa «på Asker» når ein meiner Asker sentrum og «i Asker» når ein meiner heile kommunen.

I Asker sentrum ligg mellom anna Asker rådhus, det gamle forsamlingslokalet og tidlegare kontorhuset Venskaben, Asker kulturhus med Asker bibliotek, kunstgalleri, kino og forsamlingslokale, kunstgalleriet Galleri Trafo i ein ombygd transformatorstasjon, Asker jarnbanestasjon (som er sams stasjon for Drammensbanen, Spikkestadbanen og Askerbanen), og Asker Skiklubbs idrettsanlegg Føyka.

Både namnet på staden og namnet på kommunen skriv seg frå dei tidlegare Asker-gardane, som no er utparsellerte og har vorte ein part av Asker sentrum. I si tid var desse gardane av dei viktigaste i Askerbygda, og har difor òg gjeve namn til Asker kyrkje i nærleiken, og til jarnbanestasjonen, Asker stasjon, som har vore ein viktig faktor i utviklinga av Asker sentrum. Stasjonen, som er ein av fleire jarnbanestasjonar i kommunen, vart bygd då Drammensbanen vart bygd i 1872, men er ombygd og til dels flytta litt på fleire gongar.

Asker sentrum var i si tid dominert av forretnings- og bustadhus i tre, som for det meste er borte i dag og erstatta med moderne bygningar i teglstein, betong og glas. For den rivande utviklinga som sentrumsområdet har vore gjennom, fekk Asker kommune i 2007 Miljøverndepartementets bymiljøpris for å ha gjennomført ei «bærekraftig by- og tettstedsutvikling».[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]