Askerelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°50′40″N 10°25′52″E Askerelva er namnet på ei strekning av ei elv som renn frå Mikkelsbonn i Vestmarka i Oslomarka, via Semsvannet, Asker sentrum og Bondivann og ut i Blakstadbukta i Oslofjorden.

Øvste del av elveløpet vert kalla Korselva, som renn ut i tjernet Fløyta. På nedsida heiter elva Gupuelva, som renn ut i Semsvannet. Ved utløpet frå Semsvannet ligg gamle Sem Sag, Høveldammen, Sagdammen, Høvleriet, saga og verkstaden til Seheims ski- og hjulmakerverkstad. Frå der renn elva sørover gjennom Asker sentrum (som er administrasjonsstaden i Asker kommune og vidare ut i Bondivann. Ved utløpet av Bondivann vart det på slutten av 1800-talet bygd ei demning med kraftverk ved etablering Christiania Kapselfabrikk i dette området. Frå der renn elva austover til Mølladammen og vidare ut i Blakstadbukta. Den nedre delen av elva vert kalla Blakstadelva.

Askerelva er ei bra aureelv.