Askers härad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Askers härad var eit tidlegare herad søraust i landskapet Närke i Sverige, i det som no er den søraustlege luten av Örebro kommune i Örebro län. Namnet er omtalt i eit gåvebrev frå 1500-talet som «Askerherat», og er til liks med namnet for kommunen og gardane Asker i Akershus i Noreg, danna på grunnlag av nemninga for tresorten ask.

Den største tettstaden i det tidlegare Askers härad er Odensbacken, om lag 28 km søraust for Örebro. Ved Odensbacken, som ein reknar med har namnet etter den nordiske, heidne guden Odin, ligg det eit førkristent gravfelt og ei kjelde. Dei Askergardane som har gjeve namn til den norske Asker kommune, ligg på liknande vis i nærleiken av store, gamle gravhaugar. Ettersom asketreet var viktig i norrøn mytologi og kult ved at det mytiske treet Yggdrasil var eit asketre, og Ask dessutan var namnet på den fyrste mannen, som var ei trestamme som mellom anna guden Odin gav menneskelege eigenskapar (strofene 17 – 19 i eddadiktet Voluspå), er det grunn til å rekne med at namna Asker i Noreg og Sverige ikkje berre har med asketreet som botanisk fenomen å gjere, men òg refererer seg til asketreet som eit førkristent mytologisk og kultisk fenomen.

Namnet Asker syner soleis til ei gamal og viktig kultplass for distriktet i heiden tid, der ein heilag lund av asketre har vore nytta i seremoniar av ulike slag. Adam av Bremen fortel i sitt verk om Hamburg stift frå 1075, med seinare tilføyingar, at ein heilag offerlund ved det store hovet i Uppsala i Sverige var viktig i den blodige kulten som gjekk føre seg der.