Askim gamle kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Askim gamle kyrkje frå ein illustrasjon i boka Askim herred 1814-1914 av Haaheim, A., som er utgjeven av E. Sem (Fredrikshald, 1914)

Askim gamle kyrkje var ei steinkyrkje i Askim i Østfold som låg like aust for noverande Askim kyrkje. Kyrkja var truleg bygd rundt 1200, men er først nemnt i skriftlege kjelder i 1336.

Kyrkja hadde rektangulært skip og eit avlangt, smalt kor. Bygget var mura av store kvaderstein. Det finst samtidige teikningar og eitt fotografi som viser at taket hadde ein åttekanta takryttar med høg hjelm.

Den gamle kyrkja vart riven då nye kyrkja stod ferdig i 1878. På kyrkjegarden til kyrkja som står i dag er det ein mur som inneheld kvaderstein frå den gamle kyrkja.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]