Askvoll-Gjervik-Fure
Utsjånad
| Askvoll-Gjervik-Fure | |||
| Rutenummer | 1140 (Skyss) | ||
|---|---|---|---|
| Trasé | Askvoll-Gjervik-Fure | ||
| Ruteform | Trekantsamband | ||
| Rutenett | Fylkesvegferjer i Vestland | ||
| Forvaltar | Skyss | ||
| Trafikkselskap | Fjord 1 Fylkesbaatane | ||
| Oppretta | 1971 | ||
| Tidlegare trasé | Askvoll-Gjervik | ||
Askvoll-Gjervik-Fure er eit ferjesamband over Granesundet mellom Askvoll og Gjervik i Atløyna i Askvoll kommune. Mange av turane frå Askvoll går over Vilnesfjorden til Fure, men fåe turar går direkte mellom Fure og Gjervik, sjå Skyss.
Strekninga Askvoll ferjekai - Gjervik ferjekai inngår i fylkesveg 608 medan Askvoll - Fure ferjekai - Gjervik inngår i fylkesveg 5655. Sambandet er operert av Fjord1 med ferja MF «Davik».
Ferjesambandet mellom mellom Askvoll og Gjervik kom på plass i 1971, og to år seinare vart Fure lagt til sambandet då ny tidshøveleg ferjekai kom på plass.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne samfunnsartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |