Aslak Anders Persen Tornensis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aslak Anders Persen Tornensis
Fødd1965 (59 år)
Masi
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
VervVaraordførar i Kautokeino 2003–2006
EtterfylgjarAnton Dahl

Aslak Anders Persen Tornensis (fødd 1965 i Masi) er ein norsk økonom[1] og tidlegare lokalpolitikar for Høgre. Han vart vald til varaordførar i Kautokeino kommune den 31. oktober 2003[2] og hadde vervet til han søkte om fritak og fekk det på sommaren i 2006.[3][4] Han hadde då hatt permisjon sidan tidleg i januar same året etter å ha vorte sikta for seksuell omgang med mindreårig.[5] Tornensis vart sidan tiltalt for handlingane[6] og dømd til fengselsstraff.[7][8]

Varaordførar i Kautokeino[endre | endre wikiteksten]

Aslak Anders Tornensis vart innvald som einaste representanten frå Høgre i kommunestyret i Kautokeino ved kommunevalet i 2003. Før konstitueringsmøtet hadde Høgre i Kautokeino inngått skriftleg avtale med Venstre om å stemme på deira kandidat i ordførarvalet. Då Tornensis fekk tilbod om vervet som varaordførar mot å stemme på ordførarkandidaten til Samefolkets Parti valde han å bryte den skriftlege avtalen, og det vart fleirtal for Klemet Erland Hætta som ordførar og Tornensis som varaordførar.[1] Leiaren for Kautokeino Høgre gjekk etterpå ut og sa at det som hadde skjedd var skuffande.[9]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Kjempet til fløyta gikk». Finnmark Dagblad. 4. november 2003. Henta 17. november 2011. 
  2. Møteprotokoll Kautokeino kommunestyre[daud lenkje]
  3. «Varaordfører tilstår overgrep». Nettavisen. 2. august 2006. Henta 17. november 2011. 
  4. «Dahl ny varaordfører». Finnmark Dagblad. 23. oktober 2006. Henta 17. november 2011. 
  5. «Tar permisjon etter sex-siktelse». NRK Nordnytt. 5. januar 2006. Henta 17. november 2011. 
  6. «Innrømmet sex med mindreårig». Dagbladet. 18. desember 2006. Henta 17. november 2011. 
  7. «6 månader for sex-misbruk». NRK Nordnytt. 3. januar 2007. Henta 17. november 2011. 
  8. «Fikk strafferabatt». NRK Sápmi. 24. juli 2007. Henta 17. november 2011. 
  9. «Dramatisk ordførervalg i Kautokeino». NRK Finnmark. 1. november 2003. Henta 17. november 2011.