Aslak Brekke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aslak Brekke
Fødd6. oktober 1901
Død13. februar 1978 (76 år)
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somsongar

Aslak Brekke (6. oktober 19011978) var ein kvedar frå Vinje i Telemark. Han er rekna som den førande innan folkeleg songstil i Telemark i si tid. Han jamlikast oftast med Talleiv Røysland og Brita Bratland.

Aslak var av same ætta som Håvard Gibøen, men det var ikkje spelemenn i den nære slekta hans. Sjølv hadde han freista å spela fele, men som han sa, «det blei kje noko av». Det vart kveding i staden.

Aslak kunne uhorveleg mange tonar og viser. I unge år plukka han opp viser kvar han for, og vart med tida eit verdifullt kjeldetilfang for yngre kvedarar. Han song helst bygdeviser og slåttestev, men ikkje mellomalderballadar. Dei hadde han ikkje sans for. I unge år køyrde han med post mellom Vinje og Dalen, og det er fortald at han kunne høyrast når han kom, han tralla og song heile vegen.

Aslak Brekke var og den første kvedaren som slapp til i folkemusikksendinga i NRK. Dette hende i 1931. Eivind Groven hadde nett teke til med faste folkemusikksendingar, og sende bod etter Aslak. Difor vart det til at han kom med tidleg, og var og den første som song med den reinstemde harmoniumet som Groven hadde fått bygd i 1938 (Visa Ståle Storli, innspeling 1938). Men i Oslo var det mange som reagerte på songstilen til Aslak Brekke. Han song med ein klår, noko nasal røyst, og melodiane var fylte med blåtonar. Dette meinte mange var stygt på denne tida. Motsett var åtgaumen i heimebygdene fylt med takksemd og glede over at han var komen på radio. Groven skreiv:

«Brekke song aldeles fullkome. Endå synte det seg at folk ringde opp kringkastinga og klaga. Det er folk som enno ikkje hev lært å skyna den ekte gamle norske songmåte. Eg noterer dette som eit prov på kor absolutt ein viss mentalitet her i hovudstaden er utestengd frå norsk kjensle» (Notat 1935).

Aslak Brekke hadde eit foredrag der han la naturleg vekt på tekstinnhaldet i visene. Han trødde støtt takta med foten når han song, og sa i seinare år at melodien på ein måte var underordna sjølve visa. Difor kunne han ha eit organisk syn på rytmen i melodiane sine.

Etter den andre verdskrigen vart Aslak Brekke beden om å synge på ein stor tilstelling i Universitetets Aula i Oslo, og no vart han vel fagna. I 1950-åra song han inn ei rekkje nummer for NRK. Desse vart seinare utgjeve på plate.

Aslak Brekke kom til å inspirere mange yngre kvedarar til å ta tak i tradisjonen sin, mellom desse er Ellen Nordstoga og Dagne Groven Myhren, som møtte Aslak heime då ho var i gymnas-alderen. I 1968 vart det skipa til eit radiomøte mellom Talleiv Røysland og Aslak Brekke, der det song og tralla kvar sine former av dei same visene.

Aslak var og til stades på kvedarseminara som vart haldne på Raulandakademiet i 1975 og 1976. Då song han like friskt som alltid, og vann den lokale tevlinga.

Han og Eivind Groven møttest siste gongen sommaren 1976. Då vart Aslak henta til Groven, og dei to gamlingane song og fortalde heile kvelden. Groven var på denne tida prega av parkinsons sjukdom, og Brekke sa det slik: «Nei, æ det Eivind! Æ du blant dei livandes tal.»

Aslak Brekke levde om lag eit år etter Eivind Groven, og gjekk bort på seinvinteren 1978. Sonen Karstein Brekke fører arven etter Aslak vidare, i lag med eit stort tal yngre kvedarar frå Telemark.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Aslak Brekke og visune hans, 1983.