Aslak Jacobsen Hætta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aslak Jacobsen Hætta
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. januar 1824
Kautokeino kommune
Død

14. oktober 1854 (30 år)
Alta

Gravene til Mons Aslaksen Somby og Aslak Jacobsen Hætta

Aslak Jacobsen Hætta (24. januar 182414. oktober 1854) var leiaren for flokken som gjekk til åtak på dei norske huslydene under Kautokeino-opprøret i 1852. Under opprøret vart handelsmannen og lensmannen drepne, mange vart piska, eit hus vart nedbrent og eit anna rasert.

Eit snautt år tidlegare hadde han blitt dømd til 20 dagars fengsel på vatn og brød for å ha vore med og hindra gjennomføringa av gudstenester i Skjervøy kyrkje sommaren 1851. Ein av brørne hans vart dømd til 8 månaders straffarbeid etter den same uroa. Ein yngre bror, Lars Jacobsen Hætta, vart dømd til 5 dagars fengsel.

Aslak Jacobsen Hætta vart «omvend» under den læstadianske vekkinga på slutten av 1840-talet, men han høyrde til ei ytterleggåande gruppe, som tidleg på 1850-talet ikkje lenger tok imot råd frå Lars Levi Læstadius. Etter at mange av trusfellane hans vart dømde til bøter eller fengsel, samla dei seg sommaren 1852 i ein stor siida. Det var folk frå denne siidaen som gjennomførte Kautokeino-opprøret.

Blant dei som vart dømde til døden etter Kautokeino-opprøret var bror til Aslak, Lars Jacobsen Hætta, og ei svigerinne, Ellen Aslaksdatter Skum. Elles vart to av systrene hans dømde til lange fengselsstraffer. Medan dei andre dødsdømde fekk nåde, vart Mons Aslaksen Somby og Aslak Jacobsen Hætta avretta ved halshogging på Elvebakken i Alta 14. oktober 1854. Aslak etterlét seg kone, Marit Persdatter Kurrak, og to barn på eitt og fire år.

Etter halshogginga vart dei hovudlause kroppane gravlagde utanfor Kåfjord kyrkjegard ved Alta. Hovuda vart sende til Anatomisk institutt ved det Kongelege Frederiks Universitet i Oslo. Hovudskallane vart starten på De schreinerske samlinger.

I 1976 vende slektningar av Aslak Hætta seg til Anatomisk institutt med førespurnad om å få utlevert hovudskallen for gravferd. Dei fekk til svar at instituttet ikkje hadde denne skallen. I 1996 vedtok kollegiet ved Universitetet å setje ned ein komité som skulle leite etter hovudskallen. Han vart gjenfunnen i kraniesamlinga på Panum Instituttet ved Universitetet i København. Dei gjekk straks med på utlevering. I november 1997 vart hovudskallane til Mons Somby og Aslak Hætta gravlagde ved Kåfjord kyrkje i Alta, på same stad som kroppane etter overlevert tradisjon skulle liggje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]