Aslak Kateraas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aslak Kateraas
Fødd 11. februar 1869

Aslak Toresson Kateraas (fødd 11. februar 1869) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Åmli. Han representerte VenstreStortinget i åra 1916-18.

Kateraas var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han eit kurs på amtsskulen og sidan hagebruksskulen i Fjære. Eit par år arbeidde han som gartnar i heimbygda, før han overtok farsgarden i 1890. I 1902 kjøpte han Nergarden i Åmli, og busette seg der.

Han var medlem i heradsstyret i Åmli frå 1901, ordførar 1902-10 og 1920-25, samt skulestyreformann. Dessutan var han styremedlem 1903-08 i Arendals fællesfløtningslag, og medlem av tilsynsnemnda for Arendal-Åmli-bana. Lokalt var han med i styret for den lokale sparebanken, og i tida 1926-42 styrar av Noregs Bank si avdeling i Arendal.

Valperioden 1906-12 var Kateraas varamann til Stortinget frå Nedenes krins. Åra 1916-18 var han same einmannskrinsen sin stortingsmann, med plass i Kyrkjekomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]