Aslak Nilsen
| Aslak Nilsen | |||
| Fødd | 8. desember 1898 Kragerø | ||
|---|---|---|---|
| Død | 26. september 1952 (53 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Aslak Nilsen (8. desember 1898–26. september 1952) var ein norsk industriarbeidar og kontorist frå Kragerø, busett i Skien, som frå 1934 til 1945 representerte Arbeidarpartiet på Stortinget.
Nilsen var son til ein arbeidar. Sjølv gjekk han middelskule og var frå 1914 til -16 mekanikarlærling på Kragerø Støperi og Mek. Verksted. Sidan arbeidde han ei tid på Union Co. påi Skotfoss og 1917-18 på Trosvik Verksted i Brevik. I 1918 fekk han han stilling som reparatør i AS Klosterfossen i Skien, ein arbeidsplass han hadde til desember 1945. Til sist var han kontorsjef i Telemark fylkesarbeidsnemnd.
I tida frå 1925 til 1945 var Nilsen bystyremedlem i Skien, lengste tida med plass i formannskapet. Stortingsperiodane 1934-36 og 1937-45 representerte han dei seks kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder på Stortinget, alle sesjonane medlem i Militærkomiteen. Frå 1928 til -36 var han elles styremedlem i Skien kraft- og lysverker, etter 1945 var han nestformann i selskapet.
Under den tyske okkupasjonen av Noreg var Nilsen medlem av det illegale faglige utvalet for Telemark fylke, det siste halve året som formann og såleis med i heimefrontleiinga i fylket.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Biografisk informasjon om Aslak Nilsen ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør