Asmahan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asmahan

Fødd25. november 1912
FødestadMiddelhavet
Død14. juli 1944 (31 år)
DødsstadRas El Bar
Fødenamnآمال الأطرش
AliasAmal el-Atrache
Verka somskodespelar, filmprodusent, songar, filmmusikkomponist
MorAlia al-Mundhir
EktefelleHassan al-Atrash, Ahmed Badrakhan, Ahmed Salem

Amal al-Atrash (25. november 191214. juli 1944), best kjend under kunstnarnamnet Asmahan (أسمهان, Asmahān), var ein syrisk songar, skodespelar og informant.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Amal al-Atrash kom frå ei fattig[1] grein av den velståande al-Atrash-familien. Ho var systera til Farid el Atrache og var i slekt med den drusiske leiaren og syriske nasjonalistiske revolusjonæren Sultan Pasha al-Atrash. Allereie i barndommen, i 1918,[1] måtte ho emigrere til Egypt fordi heimen hennar i al-Qrayya vart bomba av franskmennene før den syriske revolusjonen.

Asmahan med den berømte skjønnheitsflekken.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Asmahan vart oppdaga som songar i ein alder av 14,[1] og spela inn si fyrste plate i ein alder av 16 år.[1] Ho og familien hennar budde først i ein leilegheit i ei av dei fattigare nabolaga i Kairo. Mora vaska klede og var syar. Ho hadde dessutan ei utmerka røyst; ho song i selskap og gjorde nokre plateinnspelingar.[2] Asmahan og brørne hennar gjekk på ein fransk katolsk skule.

Familien til Asmahan kjende allereie komponisten Dawood Hosni, og seinare song Asmahan komposisjonane til Mohamed El Qasabgi og Zakariyya Ahmad.[3][4] Ho song også komposisjonar av Mohammed Abdel Wahab og av broren Farid. Asmahan vart ei stigande stjerne i kraft av sitt eige talent.

Asmahan hadde den einaste kvinnerøysta i arabisk musikk som seriøst konkurrerte med røysta til Umm Kulthum,[5] som i likskap med Asmahan vert sett på som ein av de fremste songarane i 1900-talet.[6] Asmahan vert akta som ein muṭribah, ein songar som kunne framkalle magien frå den gamle stilen av arabisk musikk, ṭarab, slik han vart dyrka før den fyrste verdskrigen, samtidig som han inkorporerte europeiske songteknikkar og dermed fann sitt eige musikalske uttrykk.[7] Den konservative drusiske offentlegheita reagerte nokre gongar negativt på dei.[1]

I 1933[1] gifta ho seg med ein fetter, emiren[1] av Jabal al-Druze, og som ho seinare vart skild frå, gifta seg på nytt og skilde seg igjen.

Allereie i ein alder av 24 år oppheldt Asmahan seg dagar og netter på det luksuriøse King David Hotel i Jerusalem.[1]

Informant og agent[endre | endre wikiteksten]

Innsatsen til Asmahan for å skaffe informasjon av interesse for dei hemmelege tenestene seiast å ha starta i mai 1941,[1] då ho vart rekruttert av dei britiske hemmelege tenestene. Seinare var ho samstundes[1] på lønningslista til franskmennene. General Charles de Gaulle[1] var ein av hennar personlege kjenningar. Desse anstrengingane vart ofte assosiert med seksuell[1] affeksjon, sidan ho naut den tidvis betalte[1] kjærleiken til forskjellige elskar.[1]

I 1941 vende Asmahan tilbake til Det franske mandatet for Syria og Libanon (Syria, som då var under Vichy-Frankrike) på oppdrag frå britane og dei frie franske styrkane. Dei hemmelege oppdraga hennar var å varsle folk i Jabal al-Druze at britane og dei frie franske kom til å invadere Syria gjennom deira territorium, og å overtyde dei om ikkje å ta til våpen. Britane og dei frie franske styrkane hadde lova syrarane sjølvstende på invasjonsdagen. Drusarane gjekk med på dette, sjølv om ikkje alle hadde fått beskjeden i tide og kjempa mot invasjonsstyrkane.

Etter at dei allierte hadde sikra seg Syria under Syria-Libanon-kampanjen, vitja general Charles de Gaulle Syria. Då dei allierte ikkje oppfylte lovnadane sine om syrisk sjølvstende, forsøkte Asmahan å kontakte nazistane i Tyrkia, men vart stansa ved grensa og send til Libanon. Det kan også tenkjast at Asmahan trengte pengar ettersom ektemannen hennar hadde slutta å sende meir til ho, og at forsøket på å kontakte tyskarane berre var for å be om pengar.[8]

Asmahan fortalde Mohamed al-Taba'i at ho var lova 40 000 britiske pund frå britane for tenestene sine for dei allierte.[9][10][11]

Representanten til Charles de Gaulle i Kairo var general Georges Catroux. Catroux sin délégué i Damaskus, oberst Collet, kunne stadfeste at britane gav pengar til Asmahan (og til andre drusarar, i hennar nærvære) og sende ho til Jabal al-Druze for å sikre støtte frå drusarane før invasjonen frå dei allierte.[12] Same informasjon går fram av i memoarane til Edward Spears.

Asmahan gifta seg seinare med ein velståande egyptar som hadde eit rykte som ein playboy.[1]

Død og begravelse[endre | endre wikiteksten]

Den 14. juli 1944 omkom Asmahan i ei ulykke like ved utløpet til Nilen. Det mystiske dødsfallet sjokkerte ålmenta.[1]

Bilen som Asmahan og ei venninne av ho sat i krasja og hamna i ein kanal ved sida av vegen, etter at sjåføren mista kontrollen nær byen Mansoura. Bilen var ein todørsmodell og kvinnene sat i baksetet. Ein gjekk ut frå at dei vart slåtte bevisstlause og dimed ikkje kunne koma seg ut, og drukna. Sjåføren overlevde.[13]

Omstenda utløyste mistankar og sette fantasiar i sving. Det gjekk rykte og vart retta skuldingar. For eksempel trudde nokon at britisk etterretning, som det var kjent hadde nytta seg av Asmahan som informant, hadde bestemt seg for å kvitte seg med henne etter at ho hadde forsøkt å møte tyske agentar. Det tyske Gestapo vart også skulda for å ha myrda ho fordi ho hadde hjelpt britane. Mannen hennar vart også nemnd, for på den tida hadde dei krangla heftig, og æra til familien hennar var vorten krenka av dei mange rykta rundt dødsfallet hennar.

Asmahan vart gravlagd i Egypt etter eige ønske.[14] Likesom brørne hennar, Fouad og Farid al-Atrash, vart det mange år seinare,[15] i Fustatfeltet i Kairo, som ho og broren Farid, saman med Abdel Halim Hafez,[16] hadde sett i stand til fordoms glans.[17]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 1,15 Simon Sebag Montefiore (2014), Jerusalem – Die Biographie (på tysk) (4 utg.), Frankfurt am Main: S. Fischer Verlag, s. 646 ff., ISBN 978-3-596-17631-1Originalausgabe: Jerusalem. The Biography. Weidenfels & Nicolson, London 2011; übersetzt von Ulrike Bischoff und Waltraud Götting 
  2. Zuhur 2000, s. 41
  3. Lebanese Army Journal, Issue Number 24, juli 2005
  4. Majid al-Atrash: Asmahan: Amirat at-tarab was-saif wan-nada (Asmahan: The princess of music, war and grace). al-'Adyat-Magazin, 2005, S. 75–77 (arabisch)
  5. Zuhur, 2000, s. 85
  6. Prominent Egyptians – Egyptian Government State Information Service
  7. Ali Jihad Racy: Musical Aesthetics in Present-Day Cairo. I: Ethnomusicology, Vol. 26, No. 3, September 1982, s. 391–406, her s. 393.
  8. Zuhur, Sherifa (2000): Asmahan's Secrets: Woman, War, and Song, University of Texas Press, ISBN 978-0-292-79807-6
  9. Al-Taba'i 2008, s. 142–146
  10. Zuhur 2000, s. 115
  11. Zuhur, Sherifa (2000a). «Asmahan's Secrets: Art, Gender and Cultural Disputations». Al-Raida 88: 41–44. doi:10.32380/alrj.v0i0.606. 
  12. Bey, Salma Mardam (1. september 1997). Syria's Quest for Independence, 1939-1945. Ithaca. ISBN 978-0863721755. Henta 5. august 2016 – via Google Books. 
  13. Hanan al-Shaykh (2013). Beirut Blues. Knopf Doubleday Publishing Group. s. 277. ISBN 9780307831132. 
  14. Zuhur 2000, s. 165
  15. Classical Arabic Music Website Arkivert 2010-09-12 ved Wayback Machine.
  16. Baraka, Mohamed. Al-Ahram Newspaper Article. Issue No. 943, 16. - 22. april 2009. Arkivert 9. august 2009 ved Wayback Machine.
  17. Kadi, Galila El; Bonnamy, Alain (1. januar 2007). Architecture for the Dead : Cairo's Medieval Necropolis. American Univ in Cairo Press. ISBN 9789774160745. Henta 5. august 2016 – via Google Books. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Asmahan