Asmus Jacob Carstens
Asmus Jacob Carstens | |
![]() | |
Statsborgarskap | Tyskland, Kongeriket Danmark |
Fødd | 10. mai 1754 Schleswig |
Død |
25. mai 1798 (44 år) |
Yrke | kunstmålar, bøkkar, grafisk designar, teiknar |
Sjanger | portrett |
Asmus Jacob Carstens på Commons |
Asmus Jacob Carstens (10. mai 1754–25. mai 1798) var ein dansk-tysk kunstmålar.
Carstens var fødd i Skt. Jørgen ved Slesvig i hertugdømet Slesvig, I 1776 kom han til København for å studera ved Det Kongelige Danske Kunstakademi. Dei store stilistiske førebileta hans var renessansemålarane Michelangelo Buonarroti og Raffaello Santi. Samtidig studerte han forfattarar frå antikken som Homer, Sofokles, Platon og seinare forfattarar som Dante, Shakespeare og Ossian.
På grunn av usemjer med leiinga i akademiet blei han relegert. Deretter drog han til Italia i 1783. Etter opphaldet reiste han til Lübeck, der han levde av å måla portrett. Carstens var i Lübeck fram til 1788
I 1788 og 1789 stilte han ut i Berlin og fekk ein pris frå kunstakademiet i byen. I 1790 blei han utnemnd til professor ved teikneklassen til akademiet. To år seinare fekk han eit reisestipend og drog til Roma. Han bestemte seg for å bli verande i byen, og braut med akademiet i Berlin. Han døydde i Roma i 1798.
Carstens blei med det nyklassisistiske måleriet sitt eit førebilete for mange danske og tyske kunstnarar i Roma, mellom anna Bertel Thorvaldsen.[1]
I hagen ved Ny Carlsberg Glyptotek i København er det eit monument over Carstens som er utført av Theobald Stein.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Ajax med Termessa og Eurysakes, ca. 1791
-
Natt og barna hennar, Søvn og Død, 1794
-
Fingal overvinder Soras gud, Loda, , 1797
-
Ganymede, 1793
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kasper Monrad. Dansk guldalder. Lyset, landskabet og hverdagslivet (på dansk). København: Gyldendal forlag. s. 406. ISBN 978-87-0214-106-1.
- Denne artikkelen bygger på «Asmus Jacob Carstens» frå Wikipedia på bokmål, den 14. februar 2025.