Aspargesbønne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aspargesbønner frå Albufeira.

Aspargesbønne er ei hagebønne der ein bruker heile skolmen medan han er grøn. Ho skil seg frå brekkbønne ved å ha ein liten, rund og kjøtfull skolm.

Oppskorne aspargesbønner som viser tverrsnittet.

Bønnene blir som regel varmebehandla før ein et dei. Dei kan forvellast, smørdampast, kokast litt lengre eller tilsetjast i varme rettar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]