Asparuhov most

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asparuhov most
Аспарухов мост

TypeFritt frambyggbru
StadVarna i Bulgaria
Opna8. september 1976
Lengd2 050 meter
Høgd50 m
Fri høgd46 m
Breidd21 m
KryssarKanalen mellom Varnasjøen og Svartehavet
UtformingUtkragerbru
TransportererBilar og fotgjengarar. To felt av motorvegen Tsjerno More
Kart
Asparuhov most
43°11′25″N 27°53′05″E / 43.190369444444°N 27.884630555556°E / 43.190369444444; 27.884630555556

Asparuhov most er ei bru i Varna ved Svartehavet i Bulgaria, som knyter bydelen Asparauhovo saman med resten av byen på andre sida av kanalen mellom Svarteahvet og Varnasjøen.

Brua er 2,05 km lang, 50 meter høg og veg 3 200 tonn. Ho har 38 pålar, som kvar ber 2 400 tonn. Brua er svært trafikkert og meir enn 10 000 kryssar ho i døgeret.

Ein byrja bygginga av brua i 1973, etter at ein måtte utvida kanalen mellom Varnasjøne og havet. Opninga av brua skulle opphavleg skje 30. september 1976, men brua vart ferdig før tida og vart opna 8. september av Todor Zjivkov. Samtidig vart den nye kanalen under brua opna 1. september.

Etter 20 år utan reparasjonar, byrja ein å restaurere brua mellom 1996 og oktober 1998, men brua vart ikkje opna på ny før 17. september 1999, ein dato langt etter dei opphavlege planane.

I dag er ikkje Asparuhov most berre ei viktig transportåre, men òg ein stad for tilhengjarar av ekstremsport sidan brua er ein ideell for strikkhopping.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]