Aspekt i grammatikken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Aspekt er ein grammatisk kategori ved verbet, som viser kva synsvinkel talaren ser handlinga frå. I dei fleste språka med aspekt har aspekt to kategoriar, perfektiv og imperfektiv. Perfektiv uttrykkjer at handlinga er avslutta, mens imperfektiv uttrykkjer at ho ikkje er det. Fransk uttrykkjer aspekt med bøying og skil mellom imperfektiv og perfektiv preteritum, eller imperfect og passé simple, som dei heiter i den franske grammatiske tradisjonen.

I dei slaviske språka er aspekt ein sentral del av verbsystemet, men der er det avleiing heller enn bøying.

I den europeiske lingvistiske tradisjonen skil ein mellom aspekt og aksjonsart.