Aspekt i mytologien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Framstilling av Hathor
Framstilling av Sekhmet i Kom Ombo.

Aspekt i mytologien viser til at éin guddom kjem til uttrykk gjennom fleire mytologiske personar. Ein delperson av ein guddom vert kalla eit aspekt av guddommen.

I egyptisk mytologi kunne ein til dømes oppfatta himmelgudinna Hathor som vernar av kongen og ei gudinne for musikk, dans og kjærleik. Ho fanst også i eit farlegare aspekt, i forma Sekhmet som kunne truga menneskja med utrydding.[1]

I tolking av norrøn gudelære er til dømes Skade og Gerd oppfatta som aspekt av Frøya. Hel kan også tolkast som eit aspekt av Frøya.

Sjølv om slike delpersonar står for eigenskapar ved ein guddom, treng dei ikkje høyre til same ætt som guddommen. Eit aspekt av ein ås kan vere ein jotun, dersom aspektet står for ei øydeleggjande side av åsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kværne, Per; Groth, Bente (6. mai 2019). «gudinne». Store norske leksikon (på norsk bokmål).