Aspirasjonstermometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit aspirasjonstermometer vert nytta for å måle temperaturen i lufta. Det består av eit termometer i ei blank hylse, som reflekterer stråling, der lufta vert suga (aspirert) forbi termometerkula med forholdsvis stor snøggleik. Instrumentet er lett å transportere og vert nytta mykje på ekspedisjonar, til sjøs og liknande, og dessutan for å kontrollere utstyr på meteorologiske stasjoner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Aspirasjonstermometer» i Store norske leksikon, snl.no.