Assagai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå musikkgruppa Assagai.
Døme på assegaiar frå Madagaskar.

Assagai er eit kastespyd av tre med fint smidd jernodd utan mothaker. Det blei brukt i det sørlege Afrika, blant anna av zuluar, som også hadde ein kortare type til nærkamp.[1]

Ordet assegai eller assagai eravleidd frå arabisk az-zaġāyah eller berbisk zaġāya, 'spyd', gjennom gammalfransk azagaie, spasnk azagaya, italiensk zagaglia eller nederlandsk assegaai.[2]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «assagai». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 5. mai 2017. 
  2. «assegai, n.». OED Online. Oxford University Press. September 2019. Henta 15. november 2019. (krev abonnement (help)).