Hopp til innhald

Assassin's Creed Valhalla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Assassin's Creed Valhalla

Utviklar(ar)Ubisoft Montreal
Utgjevar(ar)Ubisoft
DistributørPlayStation Store, Ubisoft Connect, Microsoft Store, Epic Games Store, Google Stadia, Amazon Luna, Ubisoft Store, Steam
Kreativt ansvarleg(e)Ashraf Ismail
ForfattarDarby McDevitt
Komponist(ar)Jesper Kyd, Sarah Schachner, Einar Selvik
SerieAssassin's Creed
SpelmotorAnvil
Siste versjon1.1.0, 1.5.0
Plattform(er)PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series X og Series S, Microsoft Windows
Utgjeving10. november 2020
Sjangeraction-eventyrspel, action-rollespel, snikespill
Spelemoduseinspelar
AldersgrensePEGI 18
Nettstadhttps://www.ubisoft.com/en-us/game/assassins-creed/valhalla
Del av serien Assassin's Creed⠀
←Assassin's Creed Odyssey⠀ · Assassin's Creed Mirage→

Assassin's Creed Valhalla er eit action-eventyr-dataspel utvikla av Ubisoft Montreal og gjeve ut av Ubisoft. Spelet er 12. del av hovudserien i Assassin's Creed-spelserien, og er etterfølgjaren til Assassin's Creed Odyssey frå 2018. Handlinga føregår i ein historisk fiksjon med faktiske historiske fakta, og finn stad i vikingtida på 800-talet kring erobringane av England.[1]

Spelet kom ut den 10. november 2020 for dei fleste plattformar, med ei litt seinare utgjeving for PlayStation 5.[2][3]