Assefa Mezgebu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Assefa Mezgebu

Assefa Mezgebu, Patrick Ivuti, 2000.jpg

Statsborgarskap Etiopia
Fødd 19. juni 1978 (43 år)
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 1996

Assefa Mezgebu (fødd 19. juni 1978 er ein etiopisk tidlegare langdistanseløpar. Han vann bronsemedaljen på 10000 meter både under VM 1999 og Sommar-OL 2000. I 2001 sikra han seg VM-sølv på distansen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Mezgebu vart femtemann i milløpet ved Friidretts-VM 1997. Året etter vart han nummer 3 i terrengløps-VM, i 2000 kom han på andreplass i VM i terrengløp.

I verdsmeisterskapen 1999 fylgde Mezgebu tetgruppa på 10000 meter heilt inn til oppløpet. I spurten måtte han gje tapt mot landsmannen Haile Gebrselassie, som vann gullet og kenyanaren Paul Tergat som tok sølvet. Det same hende i milløpet under dei olympiske leikane 2000, Gebrselassie spurta inn til siger føre Tergat, medan Mezgebu fekk bronsen. Få veker seinare sprang Mezgebu i mål som fyrstemann på 10000 meter ved afrikaleikane.

Mezgebu vann sølvmedaljen på 10000 meter ved verdsmeisterskapen. Her viste han landsmannen Gebrselassie til bronseplass, Charles Kamathi frå Kenya vart verdsmeister. Den 30.august 2002 i Brussel sprang Mezgebu sitt livs fortaste milløp, med tida 26.49,9 vart han andremann, eit halvsekund bakom Sammy Kipketer frå Kenya.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]