Asta Graah Bolander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asta Graah Bolander
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. februar 1861
Oslo
Død

1. mars 1946 (85 år)

Yrke skribent
Far Knud Graah
Ektefelle Gustaf Bolander

Asta Graah Bolander (4. februar 18611. mars 1946) var ein norsk forfattar og dramatikar som skreiv skodespel, forteljingar og sakprosa.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Asta Bolander var dotter av den danskfødde forretningsmannen og industrigründeren Knud Graah (1817-1909) og Helene Marie Conradi (1837-1866, ei dotter av professor Andreas Christian Conradi).[1] Ho gifta seg 21. november 1889 med visekonsul og grosserar i Göteborg Carl Gustaf Bolander i Treeiningskyrkja i Oslo.[2]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Asta Bolander debuterte i 1890 med dramaet Folk, eit skodespel i tre aktar som vart oppført ti gonger same året på Christiania Theater, der Constance Bruun utmerkte seg i hovudrolla. Her er handlinga lagt til det same finansaristokratiet i Kristiania som ho sjølv tilhøyrde. Delar av forfattarhonoraret gav Bolander til pensjonsfondet til teateret. Folk utkom òg i svensk språkdrakt, og fekk premiere ved Stora Teatern i Göteborg i 1891.

I Bolanders siste utgjevingar formidlar ho sin kunnskap om den italienske renessansen. Ho heldt òg foredrag om dei politiske og kunstneriske tilhøva i Firenze. Ho belyste temaet nærare i artikkelen Lorenzo Ghiberti og bronzeprotene paa batteriet i Florenz, som vart publisert i Guldsmedkunst i 1924.

Forfattarskapen til Asta Bolander strekte seg over førti år, og trass den avgrensa produksjonen, utforska ho fleire sjangrar undervegs.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • 1890: Folk – skuespill i tre akter, Cammermeyer
  • 1912: De syv eventyr – med illustrasjoner av Arnold Thornam, Aschehoug
  • 1915: St. Peters nøkkel, Aschehoug
  • 1918: Som træ om høsten, Aschehoug
  • 1920: Grungs i Fossegaarden, Aschehoug
  • 1927: Renæssancens Florens – av Mediciernes krønike, Aschehoug
  • 1930: Siena – synderes og helgeners by, Aschehoug

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Norway Baptisms, 1634-1927," database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWB5-372 : 10 February 2018), Asta Knudsen, 04 Feb 1861; citing ; FHL microfilm 255,750.
  2. "Norway Marriages, 1660-1926," database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWSP-HP4 : 10 February 2018), Carl Gustaf Bolander and Asta Graah, 21 Nov 1889; citing Trefoldighet Menighet, Oslo, Akershus, Norway; FHL microfilm 255,762.