Hopp til innhald

Asterisme i astronomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå asterisme.
Brocchis stjernehop, også kjent som Kapphengeren, er ein iaugefallande asterisme som enkelt kan sjåast i ein kikkert i stjernebiletet Reven.

Asterisme innan astronomi er eit mønster av stjerner sett på stjernehimmelen, men som ikkje er ein del av eit offisielt stjernebilete. Nett som stjernebilete er dei bygde opp av stjerner, som sjølv om dei er i omtrent same retning, ofte er i svært ulik avstand frå jorda. Ein asterisme kan bestå av stjerner frå eitt eller fleire stjernebilete. Dei er for det meste enkle former og omfattar få stjerner, noko som gjer dei enkle å identifisera.

Komponentstjerner i sesongprega asterismar er lyssterke og markerer enkle geometriske figurar.[1]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Asterisme i astronomi