Asteroidemånen Petit-Prince

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Petit-Prince
Oppdaging
Oppdaga av W, J, Merline L, M, Close
C, Dumas C, R, Chapman
F, Roddier F, Menard
D, C, Slater G, Duvert
J, C, Shelton T, Morgan 
Oppdagingsdato 1. november 1998
Banedata
Store halvakse(a) 1184 ± 12 km[1]
Eksentrisitet (e) 0,0100 ± 0,0002
Omløpsperiode (P) 4,766 ± 0,001 d
Banehelling(i) 8,0 ± 0,1°
(i forhold til Eugenias ekvator)
Satellitt av 45 Eugenia
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar ~ 13 km (estimat) [2]
Masse ~ 1,2×1015 kg (estimat) [3]
Ekvatorialunnsleppingsfart ~ 5 m/s (estimat)
Absolutt storleiksklasse 13,6 [4]

(45) Eugenia I Petit-Prince er ein asteroidemåne i krinslaup rundt 45 Eugenia. Den vart oppdaga i 1998 av astronomar ved Canada-Frankrike-Hawaii-teleskopetMauna Kea, Hawaii. Den fekk mellombelsnamnet S/1998 (45) 1.

Petit-Prince vart namnsett i 2003 etter Antoine de Saint-Exupérys rollefigur Den vesle prinsen, som bur på ein asteroide kalla B612 som igjen var basert på keisarprins Eugène Bonaparte, son av keisarinne Eugénie de Montijo.

Petit-Prince er 13 km i diameter mot 45 Eugenia sine 214. Satellitten bruker fem dagar på eit krinslaup rundt Eugenia.

Petit-Prince er den første asteroidemånen som har blitt oppdaga ved hjelp av ei bakketeleskop. Før oppdaginga av Petit-Prince kjende ein berre til éin asteroidemåne, Dactyl, som vart oppdaga av Galileo-sonden då den passerte 243 Ida.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kombinering av fleire observasjonar, F. Marchis.
  2. Forutsatt den same albedoen som Eugenia, så brukt forskjellen i absolutt magnitude
  3. Forutsatt den same tettleiken og albedoen som Eugenia
  4. «Discovery of a moon orbiting the asteroid 45 Eugenia» Nature vol. 401 s. 565 (1999)