Asthenes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asthenes
Rustpannekorgfugl, Asthenes ottonis, Laguna Huacarpay, Cuzco, Peru Foto: Jon Irvine
Rustpannekorgfugl, Asthenes ottonis, Laguna Huacarpay, Cuzco, Peru
Foto: Jon Irvine
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Omnfuglar Furnariidae
Slekt: Asthenes
Reichenbach, 1853

Asthenes er ei biologisk slekt av ca. 30 små artar insektetande korgfuglar og tistelstjertar i omnfuglfamilien, Furnariidae. Slekta har utbreiing avgrensa til Sør-Amerika, dei fleste over ca. 2500 moh. i Andes og konsentrert i eller nær Peru. Asthenes er ei av ca. 70 slekter av omnfuglar, og gjer ut nær 10 % av artane i familien.

Asthenes er gresk og tyder «svakt» eller «uvektig».[1] På spansk har korgfuglar fellesnamnet canastero, «korgmakar», med tilvisning til dei store, overbygde, kuppelforma reira som desse artane lagar av pinnar eller gras. Det norske fellesnamnet «tistelstjert» er skildrande etter dei flokete eller stikkande halefjørene. Dei to fellesnemningane brukt i Asthenes er frå ein tidlegare taksonomi, der denne gruppa var definert som to ulike slekter.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Desse artane er vanlegvis 15–20 centimeter lange med spinkle halar og tynne, spisse nebb. Dei har for det meste lite iaugefallande fjørdrakter, typisk variantar av brunfarge med innslag av raudbrunt, men varierer i halemønster og nærvær av striper. Umbratistelstjert skil seg ut med gjennomgåande gråfarge. Dei har spennande songar. Ein finn både den minste og største arten i Brasil, itatiaiatistelstjert er den minste arten med kroppsmasse frå ca. 10-11 gram, cipokorgfugl er den største med dokumentert masse på opp til 30 gram. Kjønna er like.

Seks av artane er endemiske for Peru. Ein sjuande art, ravinekorgfugl, lever i Peru, men er òg funnen litt inn i Chile. To artar er endemiske for Bolivia. Okerbryntistelstjert er endemisk for Venezuela, to andre har utbreiing inn i Venezuela. Fire artar lever nord til Colombia, lengst nord finn ein perijatistelstjert på grensa mellom delstaten Zulia i Venezuela, Cesar- og La Guajira-departementa i Colombia. Nokre unnatak utanfor Andes er itatiaiatistelstjert som er endemisk for kommunen Itatiaia i delstaten Rio de Janeiro, Brasil. Cipokorgfugl lever i delstaten Minas Gerais. To andre artar har avvik i preferanse på habitat. Pampaskorgfugl i Argentina og Uruguay lever frå havnivå og opp til 950 moh., kortnebbkorgfugl i same landa lever opp til 1300 moh. Sørkorgfugl som hekkar på Eldlandet, lever under 200 moh. Fuglane i Asthenes er trudd å vere standfuglar, men med to unnatak: sylnebbkorgfugl og sørkorgfugl trekker nordover mot varmare klima vinterstid.

Lite er dokumentert om levevis og biologi utover det som er felles for familien. Typisk for Asthenes-artane er habitat i økosystem med grasvegetasjon, lite skog eller buskvekstar, til dømes Campos rupestres og bambus eller anna høgt gras i Brasil, og i Andes typisk páramo-økosystem og elfinskog, med grassletter, nokre i tett underskog og i utkant av tåkeskog gjerne der gras er blanda med bregnar. Det vanlege er at dei beitar einslege eller i par på insekt og andre leddyr som dei plukkar frå overflata av gras og blad. Somme artar kan plukke føde på bakken. Nokre, men få artar kan inkludere vegetabilsk føde, til dømes kan krembrystkorgfugl ete frø. Artane i omnfuglfamilien bygger i regelen komplekse, overbygde reir eller grev tunellar til reirplass. Lite er dokumentert om hekking for Asthenes-artane, nokre korgfuglar bygger reir av små greiner og gras, lågt i buskar eller på bakken, med inngang frå ei side eller frå toppen. Kvithaketistelstjert bygger reir av mose, tørt plantemateriale og gras nær bakken, og har eit kull på berre to egg.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Rundt år 2010 kom ny kunnskap om fylogeni i omnfuglfamilen som endra taksonomien for korgfuglar og tistelstjertar. Tistelstjertar som tidlegare var klassifiserte i si eiga slekt Schizoeaca vart slått saman med korgfuglar i Asthenes. Ei ny slekt Pseudasthenes samlar fire tidlegare korgfuglartar frå Asthenes, og itatiaiatistelstjert som tidlegare var klassifiset i si eiga slekt Oreophylax, vart tatt inn i Asthenes.[2] Seinare har International Ornithologists' Union, IOC, lista to tidlegare underartar av krembrystkorgfugl som sjølvstendige artar, A. arequipae, og A. huancavelicae.[3]

Asthenes i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.1, 2021,[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

  • Krembrystkorgfugl, Asthenes dorbignyi, Rusty-vented Canastero, (Reichenbach, 1853), (LC)
  • manglar norsk namn, Asthenes arequipae, Dark-winged Canastero, (Sclater, PL & Salvin, 1869), (LC)
  • manglar norsk namn, Asthenes huancavelicae, Pale-tailed Canastero, Morrison, 1938, (NT)
  • Consatakorgfugl, Asthenes berlepschi, Berlepsch's Canastero, (Hellmayr, 1917), (NT)
  • Kortnebbkorgfugl, Asthenes baeri, Short-billed Canastero, (Berlepsch, 1906), (LC)
  • Cipokorgfugl, Asthenes luizae, Cipo Canastero, Vielliard, 1990, (NT)
  • Pampaskorgfugl, Asthenes hudsoni, Hudson's Canastero, (Sclater, PL, 1874), (NT)
  • Sørkorgfugl, Asthenes anthoides, Austral Canastero, (King, PP, 1831), (LC)
  • Brunryggkorgfugl, Asthenes urubambensis, Line-fronted Canastero, (Chapman, 1919), (NT)
  • Stripekorgfugl, Asthenes flammulata, Many-striped Canastero, (Jardine, 1850), (LC)
  • Juninkorgfugl, Asthenes virgata, Junin Canastero, (Sclater, PL, 1874), (LC)
  • Skrifthalekorgfugl, Asthenes maculicauda, Scribble-tailed Canastero, (Berlepsch, 1901), (LC)
  • Striperyggkorgfugl, Asthenes wyatti, Streak-backed Canastero, (Sclater, PL & Salvin, 1871), (LC)
  • Punakorgfugl, Asthenes sclateri, Puna Canastero, (Cabanis, 1878), (LC)
  • Stripebrystkorgfugl, Asthenes humilis, Streak-throated Canastero, (Cabanis, 1873), (LC)
  • Graskorgfugl, Asthenes modesta, Cordilleran Canastero, (Eyton, 1852), (LC)
  • Itatiaiatistelstjert, Asthenes moreirae, Itatiaia Spinetail, (Miranda-Ribeiro, 1905), (LC)
  • Sylnebbkorgfugl, Asthenes pyrrholeuca, Sharp-billed Canastero, (Vieillot, 1817), (LC)
  • Svartstrupetistelstjert, Asthenes harterti, Black-throated Thistletail, (Berlepsch, 1901), (LC)
  • Punatistelstjert, Asthenes helleri, Puna Thistletail, (Chapman, 1923), (VU)
  • Vilcabambatistelstjert, Asthenes vilcabambae, Vilcabamba Thistletail, (Vaurie, Weske & Terborgh, 1972), (LC)
  • Ayacuchotistelstjert, Asthenes ayacuchensis, Ayacucho Thistletail, (Vaurie, Weske & Terborgh, 1972), (LC)
  • Ravinekorgfugl, Asthenes pudibunda, Canyon Canastero, (Sclater, PL, 1874), (LC)
  • Rustpannekorgfugl, Asthenes ottonis, Rusty-fronted Canastero, (Berlepsch, 1901), (LC)
  • Krattkorgfugl, Asthenes heterura, Maquis Canastero, (Berlepsch, 1901), (NT)
  • Brilletistelstjert, Asthenes palpebralis, Eye-ringed Thistletail, (Cabanis, 1873), (LC)
  • Okerbryntistelstjert, Asthenes coryi, Ochre-browed Thistletail, (Berlepsch, 1888), (LC)
  • Perijatistelstjert, Asthenes perijana, Perija Thistletail, (Phelps Jr, 1977), (EN)
  • Kvithaketistelstjert, Asthenes fuliginosa, White-chinned Thistletail, (Lafresnaye, 1843), (LC)
  • Umbratistelstjert, Asthenes griseomurina, Mouse-colored Thistletail, (Sclater, PL, 1882), (LC)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Winkler, D. W., S. M. Billerman, og I.J. Lovette (2020). Ovenbirds and Woodcreepers (Furnariidae), version 1.0. In Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, red). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.furnar2.01 Resume av artsskildringar tilgjengelege frå denne sida om omnfuglfamilien
Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 57. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2017), Updates & Corrections – February 2011, The Clements •checklist of birds of the world: Version 6.5, ref side 270, Itatiaia Spinetail Oreophylax moreirae, Cornell Lab of Ornithology
  3. 3,0 3,1 Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Asthenes
Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Asthenes