Astrakan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen er om eit epleslag. For det russiske distriktet og byen med liknande namn, sjå Astrakhan
Raud Astrakan

Astrakan er ein type epletre som truleg har opphav i Sverige.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Astrakan er eit kraftig og ganske stort epletre. Treet er breitt, gjerne breiare enn det er høgt. Dei største trea kan bli ca. 8 meter høge. Blominga finn stad svært tidleg. Samstundes med lauvspretten utviklar treet blomar med store kvite kronblad.

Astrakan er ein hardfør tresort som kan dyrkast i nær heile Norden. Treslaget har og lang levetid. Det finst 150 år gamle tre som framleis blømer.

Astrakan kan også podast i andre tresortar.

Frukt[endre | endre wikiteksten]

For tre som veks i Norden vert epla mogne i september. Frukta er større på yngre tre enn på eldre. På unge tre når frukta gjerne ei høgd på 5,5 cm og ei breidd på 6,5 cm. Epleskalet er middels tjukt med ei voksa overflate. Kjøtet er kvitt, nesten luktfritt og nokså tørt, men med ein fyldig, krydra og syrleg smak.

Det er dyrka fram ulike sorter astrakaneple:

  • Klar astrakan, som har gule eple med enkelte raude prikkar.
  • Raud astrakan, som har jamnt raude eple.
  • Kvit astrakan, som har klargrøne eple.
  • Gyllenkroks astrakan, som har eple som gjerne er halvt raude (på solsida) og halvt gule.

Historie og utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Av namnet kan ein tru at epletreet stammer frå Astrakhan-området nord for Svartehavet, men treslaget er nemnd for fyrste gong av den svenske botanikaren P.J Bergius i 1780. Epleslaget breidde seg fyrst i Sverige, Noreg og England, men er nå dyrka over mest heile Europa. Av historia om korleis slaget breidde seg og av genetikken kan det sjå ut til at treslaget er svensk og ikkje russisk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]