Hopp til innhald

Astri Aas-Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Astri Aas-Hansen

Fødd16. desember 1970 (55 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, jurist
Utdanna vedDet juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo
MedlemEOS-utvalet
Koronakommisjonen
Alle verv
  • statssekretær (2007–2013)
  • tingrettsdommar (2017–2025)
  • Norsk justisminister (2025–)
  • leder for Stortingets kontrollutvalg for etterretnings-, overvåkings- og sikkerhetstjeneste (2021–2025)
  • politisk rådgjevar (2005–2007) Sjå dette på Wikidata

Astri Aas-Hansen (fødd 16. desember 1970) er ein norsk jurist og politikar frå Arbeidarpartiet som sidan 4. februar 2025 har vore justis- og beredskapsminister i Støre-regjeringa.

Ho var statssekretær i Justisdepartementet frå 2007 til 2013.

I 2019 vart Aas-Hansen nestleiar i EOS-utvalet, og dinest leiar av utvalet frå 2021 fram til ho vart utnemnd til justisminister i 2025.[1]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Aas-Hansen voks opp i Lillesand i Agder og er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo.

Advokat og politikar

[endre | endre wikiteksten]

I perioden mellom 2002 og 2017 yrkte ho som advokat i advokatfirmaet Elden DA, der ho vart partnar i 2005. Ho var blant anna forsvararen til Erling Havnå i rettssaka etter Nokas-ranet.[2]

Aas-Hansen har brei erfaring frå Arbeidarane si ungdomsfylking og Arbeidarpartiet. Blant anna var ho politisk rådgivar for stortingsgruppa til partiet 1995–2002, nestleiar i Arbeidarpartiets kvinnerørsle 2002–2004 og møtte i sentralstyret til Arbeidarpartiet.

I 2005 vart Aas-Hansen politisk rådgivar for justisminister Knut Storberget.[2] I 2007 etterfylgde ho Anne Rygh Pedersen som statssekretær i det same departementet, før ho dinest gjekk tilbake til Elden advokatfirma etter stortingsvalet i 2013.[3]

I 2017 vart Aas-Hansen tingrettsdomar i Oslo tingrett.[4]

EOS-utvalet

[endre | endre wikiteksten]

Frå 2019 vart Aas-Hansen vald som nestleiar i Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingstenesta (EOS-utvalet). Dinest, frå og med 1. juli 2021 tok ho over som leiar av utvalet. Ho gjekk ut or EOS-utvalet då ho i februar 2025 vart utnemnd til justisminister, og vart i mars 2025 etterfylgd som utvalsleiar av Grete Faremo.[1]

Koronakommisjonen

[endre | endre wikiteksten]

Frå 2020 til 2022 var Aas-Hansen medlem av Koronakommisjonen.[5]

  1. 1 2 «Utvalgets mandag og sammensetning» (PDF). EOS-utvalgets årsrapport for 2025. 18. mars 2026. «Den 4. februar 2025 ble utvalgsleder Astri Aas-Hansen utnevnt til justis- og beredskapsminister og trådte ut av utvalget. Grete Faremo har ledet utvalget fra 18. mars 2025. Geir Sunde Haugland har vært medlem fra 1. juli 2025. Han erstattet Erling Johannes Husabø. | Under følger en oversikt over utvalgets sammensetning i 2025 og medlemmenes funksjonsperioder.»
  2. 1 2 «Havnås\' forsvarer til departementet», Dagbladet (på bokmål), 21. oktober 2005, henta 18. august 2026
  3. ↑ «Her er den nye regjeringen – tingrettsdommer blir ny justisminister», Rett24 (på norsk), 4. februar 2025, henta 18. august 2026
  4. ↑ «NRK: Tingrettsdommer Astri Aas-Hansen blir ny justis- og beredskapsminister», Rett24 (på norsk), 4. februar 2025, henta 18. august 2026
  5. ↑ «Medlemmer», Koronakommisjonen (på bokmål), 12. mai 2020, henta 18. august 2026

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Astri Aas-Hansen