Astrid Båhl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Astrid Båhl
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. juni 1959 (64 år)
Karesuando
Yrke kunstnar

Astrid Båhl (fødd Astrid Margarete Bål, fødd 6. juni 1959) er ein norsk samisk artist. Ho er kjend for å ha skapt det samiske flagget i 1986.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Det samiske flagget, som blei utforma av Astrid Båhl

Båhl blei fødd i Karesuando i Sverige. Som barn flytta ho til Skibotn i Storfjord kommune i Troms fylke, der ho framleis var busett i 2017.[2] Ho starta kunstnarutdanninga si allereie på Solhaugens gymnas i Narvik, og fortsette sidan på Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo, der ho studerte tekstiltrykk, grafikk, grafisk design og frihandteikning. Båhl har vore representert på fleire utstillingar, mellom anna «Mijjen luunie – Kums oss», ei sørsamisk vandringsutstillning som opna den 6. februar 1994 i Elverum og dessutan «ČSV- å visualisere Sápmi» på Galleri F15Jeløya i 2006.[3]

I 1986 kunngjorde Nordisk sameråd ein konkurranse om å utforma eit samisk flagg, der Astrid Båhl sitt forslag gjekk av med sigeren. Flagget blei heisa for fyrste gong på konferansen i samerådet i Åre den 15. august 1986. Ifølgje Båhl symboliserer flagget at sola gir liv til jorda.[4] Som inspirasjon til flagget gjekk Båhl tilbake i gamle skrifter og bøker om det samiske formspråket, mytologi og symbol.[5]

Båhl har sjølv utforma dei norske frimerka til «Tråante 2017», ei markering av 100-årsmarkeringa av det første samiske landsmøtet i Trondheim i 1917.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sameflaggets mor fylte 50». NRK. 
  2. «Astrid Bål». birthday.no. 
  3. «Astrid Båhl». Storfjord kommune. 
  4. «Sameflaggets mor». NRK. 
  5. «Samisk flagg». trestammersmote.no. 
  6. «Tråante 2017 – frimerkene». tråante2017.no.