Astrid Bugge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Astrid Bugge
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. februar 1902
Oslo
Død

16. august 1988 (86 år)

Yrke konservator, skribent, lærar
Ektefelle Anders Bugge

Astrid Bugge (7. februar 190216. august 1988) var ein norsk konservator og forfattar.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Bugge var dotter av overrettssakførar Harald Romolo Cesare Schjoldager og Ragna Jørgensen. Ho vart gift med kunsthistorikar og professor Anders Ragnar Bugge (1889-1955) den 9. februar 1929.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Etter examen artium i 1921 tok Bugge i 1927 magistergrad i kunsthistorie, med oppgåva Bokbind og bokbindere i Noreg. Denne vart gjeven ut som bok same året under tittelen Bokbind og bokbindere i Norge inntil 1850. I åra 1924-1928 var ho volontør ved Kunstindustrimuseet i Oslo. Ho gjennomførte studiereiser til dei fleste land i Europa, blant anna i Italia i 1922-23.

I perioden 1926-1929 var ho konservator og amanuensis same stad. I 1946-1952 forelas ho i kunst og kulturhistorie ved Den Kvinnelege Industriskulen til Staten, der ho dessutan underviste i italiensk. Ho vart i 1952 konservator og i 1954 førstekonservator ved Norsk Folkemuseum.

Bugge skreiv ei lang rekkje artiklar i fagtidsskrift og dessutan i katalogane til kunstindustrimuseet og årbøker. Ho skreiv dessutan fleire bøker knytt til fagfeltet sitt. Fleire av artiklane hennar vart òg utgjevne som særtrykk.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1927: Bokbind og bokbindere i Norge inntil 1850
  • 1934: Det Knudtzonske fideikommissølv (saman med Hroar Olsen)
  • 1950: Statens kvinnelige industriskole (i redaksjon sammen med Helen Engelstad og Valborg Kvaal)
  • 1958: Bydamer i «Touristindedragt» (særtrykk av By og Bygd, bind 12, 1958.
  • 1961: Touristinder og andre sportspiker
  • 1968: Damaskveving på bondegården – dekketøy fra Gudbrandsdalen i den ekenmarkske vevemetode (utvida utgåve utgitt i 1981)
  • 1984: Reformdrakten i Norge – trekk av en historie om kropp, klær og kvinnesak

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Morgenbladet 1929.02.08. 1929.