Astrid Marie Nistad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Astrid Marie Nistad
Fødd9. desember 1938
Fjaler
NasjonalitetNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Astrid Marie Nistad (fødd 9. desember 1938) er ein norsk politikar frå Fjaler. Ho representerer Arbeidarpartiet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ho har mellom anna jobba som formannskapssekretær i Gaular kommune og rekneskapsleiar og merkantil leiar i Statkraft. Astrid Marie møtte på Stortinget i åra 1989-2001. Ho var Statssekretær i Olje- og energidepartementet frå 1986 til 1989.

Astrid Marie har særleg engasjert seg i saker som gjeld industri og likestilling. Ho har vore leiar i kvinnepolitisk utval i fylkespartiet og styremedlem i kvinnepolitisk styre på landsplan. Astrid Marie har engasjert seg for å få vekk tvangsgifte. I tillegg har målsaka vore viktig for henne.

Arkiv[endre | endre wikiteksten]

Arkivet frå Astrid Marie Nistad er oppbevart på Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]