Astrid Nøklebye Heiberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Astrid Nøklebye Heiberg
Astrid N. Heiberg.jpg
Fødd 14. april 1936

Oslo

Parti Høgre

Astrid Nøklebye Heiberg (fødd 14. april 1936 i Oslo) er ein norsk psykiatar og politikar for Høgre. Ho var statssekretær i Helse- og omsorfsdepartementet i Erna Solbergs regjering frå oktober 2013 til april 2016.

Heiberg har bakgrunn som professor i psykiatri, og hadde sentrale verv i Høgre i 1980- og 1990-åra som leier i Høyrekvinners Landsforbund og stortingsrepresentant 1985–1989, forbrukar- og administrasjonsminister i 1986 og den 1. nestleiaren til partiet 1990–1991. Nøklebye Heiberg var president i Noregs Raude Kross 1993–1999.

Familiebakgrunn og yrkeskarriere[endre | endre wikiteksten]

Astrid Nøklebye Heiberg er dotter av teknisk direktør Andreas Nøklebye (1906–1972) og husmor Else Holt (1907–1991), og vart fødd i Oslo som den andre av tre sysken. Under den andre verdskrigen vart faren nøydd til å rømma landa, og som seksåring måtte ho òg flykta til Sverige til fots.[1]

Ho fekk den første skulegangen sin i Småland, og tok examen artium ved latinlinja ved Oslo katedralskole i 1954. Opphavleg tenkte ho å verta ingeniør som faren, og tok difor eksamen ved reallinja to år seinare.[1] Etter dette ombestemte ho seg, og tok medisinsk embedseksamen ved Universitetet i Oslo i 1962. I 1960-åra var ho turnuskandidat ved Halden sjukehus og i Vågsøy legedistrikt og dessutan assistentlege og reservelege i Fredrikstad, før ho vart spesialist i psykiatri i 1969. I 1963 gifta ho seg med avdelingsoverlege Arvid Heiberg (1937–), son av generaldirektør Edvard Heiberg (1911–2000) i NSB.

Nøklebye Heiberg var reservelege, assisterande overlege, universitetslektor og dosent ved Psykiatrisk institutt ved Universitetet i Oslo 1969–1981, og som den første kvinnelege psykiateren i landet tok ho doktorgraden i 1980 med avhandlinga Funksjonelle kjeveplager.[1] Endeleg var ho professor ved universitetet 1985–2006, og har vore professor emeritus sidan 2006. Som psykiater har ho særleg forska på psykosomatikk.

Politisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Nøklebye Heiberg har vore feminist frå ungdomen av.[1] Ved Psykiatrisk Institutt vart ho kjent med professor Leo Eitinger, og støtta aktivt engasjementet hans for humanisme og antirasisme.[1] Med dei fleste tillitsverva sine i Norsk psykiatrisk samskipnad arbeidde ho for å avskaffa homofili som sjukdomsdiagnose, noko som vart oppnådd i 1978.[1] Ho var òg støttespelar for Det norske forbundet av 1948, og melde seg ut av Den norske kyrkja i protest mot haldningane til framtredande representantar til homofili.[1]

Ho melde ikkje seg inn i noko politisk parti før danninga av Kåre Willochs reine Høgre-regjering hausten 1981, då Nøklebye Heiberg vart spurt om å vera statssekretær i Sosialdepartementet.[1] Etter fire år som statssekretær vart ho i 1985 valt til leiar i Høyrekvinners Landsforbund og innvald på Stortinget frå Oslo. På Stortinget var ho medlem av Stortingets finanskomité 1985–1987 og medlem av Stortingets kyrkje- og undervisingskomité 1987–1989, med unntak av ein kort periode som statsråd i Forbrukar- og administrasjonsdepartementet før avgangen til Willoch-regjeringa frå april til mai 1986. I 1989 frasa ho seg attval til leiarvervet i Høyrekvinners Landsforbund og renominasjon til Stortinget, men var 1. nestleiar i Høgre 1990–1991, Oslo Høgres ordførarkandidat ved bystyrevalet i 1991 og medlem av Oslo bystyre 1992–1995.[1]

Med kort fartstid i Raude Kross vart ho valt til president i Noregs Raude Kross i 1993.[1] Ho gjekk av i 1999 og fekk status som ærespresident, og sat dessutan som president i Det internasjonale forbundet av Raude Kross- og Raude Halvmånesamskipnader 1997–2001. I begge verva var ho den første kvinna.[1] Av andre verv kan nemnast styreleiar i Tanum bokhandel AS 1994–2004, styremedlem ved Rikshospitalet frå 1995, styremedlem i Helse Aust RHF 2003–2006, leier i Staten sitt seniorråd 2002–2005, styreleiar ved Norsk institutt for kulturminneforsking frå 2003, leiar i Den norske nasjonalkommisjonen for UNESCO frå 2004 og styreleiar i Selskabet for Oslo Byes Vel frå 2010.

Nøklebye Heiberg er Oslo Høgres fjerde vararepresentant på Stortinget i perioden 2013–2017.[2] Ho vart 16. oktober 2013 utnemnt til statssekretær for Bent Høie i Helse- og omsorgsdepartementet i Erna Solbergs regjering.[3]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Ho er æresdoktor ved Mongolias nasjonaluniversitet i Ulan Bator og æresmedlem av American College of Psychiatrists frå 1999.
  • Ho vart i 2011 tildelt den internasjonale Ròden Kross-den høgaste utmerkinga til rørsla, Henry Dunant-medaljen.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 «Astrid Nøklebye Heiberg». Norsk biografisk leksion. Henta 20. desember 2012.  Parameteren |forfatter= er ikkje støtta av malen. Meinte du |forfattar=?) (hjelp)
  2. Stortingets sammentreden tirsdag 1.oktober 2013. stortinget.no.
  3. «Her er de nye statssekretærene», fra nrk.no 16. oktober 2013
  4. «Høyeste utmerkelse». 30. november 2011. Henta 9. november 2013.  Parameteren |forfatter= er ikkje støtta av malen. Meinte du |forfattar=?) (hjelp); Parameteren |utgiver= er ikkje støtta av malen. (hjelp)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Heiberg, Astrid Nøklebye (2007). Endring og undring : jakten på alderdommen. Oslo: Cappelen. ISBN 82-02-26878-8. 
  • Heiberg, Astrid Nøklebye; Levin, Mona (2001). Det dyrebare håpet. Oslo: Damm. ISBN 82-517-8229-5. 
  • Heiberg, Astrid Nøklebye; Rosenberg, Brita (1991). Så mye ensomhet : skjebner, kriser, muligheter. Oslo: Cappelen. ISBN 82-02-13221-5. 
  • Husem, Elisabeth; et. al. (1996). Fred er ej det beste: Jubileumsskrift til Astrid Nøklebye Heiberg. Oslo: Psykiatrisk Institutt. ISBN 82-91049-08-4. 
  • Larsen, Øivind (1996). Makt og forakt : om holdninger til politikere. Festskrift til Astrid Nøklebye Heiberg. Oslo: Universitetsforlaget. ISBN 82-00-22571-2. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]