Astrid Nøklebye Heiberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Astrid Nøklebye Heiberg

Fødd14. april 1936
Oslo
Død2. april 2020 (83 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, psykiater, medisinprofessor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Utdanna vedDet medisinske fakultet
Oslo katedralskole
EktefelleArvid Heiberg
Alle verv

Astrid Nøklebye Heiberg (fødd 14. april 1936 i Oslo, død 2. april  2020) var ein norsk psykiatar og politikar for Høgre. Ho var statssekretær i Helse- og omsorfsdepartementet i Erna Solbergs regjering frå oktober 2013 til april 2016.

Heiberg var professor i psykiatri. Ho hadde sentrale verv i Høgre i 1980- og 1990-åra som leiar i Høyrekvinners Landsforbund og stortingsrepresentant 1985–1989, forbrukar- og administrasjonsminister i 1986 og 1. nestleiar i partiet 1990–91. Heiberg var president i Noregs Raude Kross 1993–1999.

Familiebakgrunn og yrkeskarriere[endre | endre wikiteksten]

Astrid Nøklebye Heiberg var dotter av ein direktør. Under andre verdskrigen flykta faren frå landet, seks år gammal flykta ho sjølv med familen til Sverige.[1]

Ho fekk den første skulegangen sin i Småland, og tok examen artium ved latinlinja ved Oslo katedralskole i 1954. Opphavleg tenkte ho å verta ingeniør som faren, og tok difor eksamen ved reallinja to år seinare.[1] Deretter tok ho medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1962. I 1960-åra var ho turnuskandidat ved Halden sjukehus og i Vågsøy legedistrikt og dessutan assistentlege og reservelege i Fredrikstad, før ho vart spesialist i psykiatri i 1969. I 1963 gifta ho seg med overlege Arvid Heiberg.

Astrid Nøklebye Heiberg var reservelege, assisterande overlege, universitetslektor og dosent ved Psykiatrisk institutt ved Universitetet i Oslo 1969–1981, og som den første kvinnelege psykiateren i landet tok ho doktorgraden i 1980 med avhandlinga Funksjonelle kjeveplager.[1] Endeleg var ho professor ved universitetet 1985–2006, og har vore professor emeritus sidan 2006. Som psykiater forska ho særleg på psykosomatikk.

Politisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Nøklebye Heiberg var feminist frå ungdomen av.[1] Ved Psykiatrisk Institutt vart ho kjent med professor Leo Eitinger, og støtta aktivt engasjementet hans for humanisme og antirasisme.[1] Med dei fleste tillitsverva sine i Norsk psykiatrisk samskipnad arbeidde ho for å avskaffa homofili som sjukdomsdiagnose, noko som vart oppnådd i 1978.[1] Ho var òg støttespelar for Det norske forbundet av 1948, og melde seg ut av Den norske kyrkja i protest mot haldningane til framtredande representantar til homofili.[1]

Ho melde ikkje seg inn i noko politisk parti før danninga av Kåre Willochs reine Høgre-regjering hausten 1981, då Nøklebye Heiberg vart spurt om å vera statssekretær i Sosialdepartementet.[1] Etter fire år som statssekretær vart ho i 1985 vald til leiar i Høyrekvinners Landsforbund og innvald på Stortinget frå Oslo. På Stortinget var ho medlem av Stortingets finanskomité 1985–1987 og medlem av Stortingets kyrkje- og undervisingskomité 1987–1989, med unntak av ein kort periode som statsråd i Forbrukar- og administrasjonsdepartementet før avgangen til Willoch-regjeringa frå april til mai 1986. I 1989 frasa ho seg attval til leiarvervet i Høyrekvinners Landsforbund og renominasjon til Stortinget, men var 1. nestleiar i Høgre 1990–1991, Oslo Høgres ordførarkandidat ved bystyrevalet i 1991 og medlem av Oslo bystyre 1992–1995.[1]

Med kort fartstid i Raude Kross vart ho vald til president i Noregs Raude Kross i 1993.[1] Ho gjekk av i 1999 og fekk status som ærespresident, og sat dessutan som president i Det internasjonale forbundet av Raude Kross- og Raude Halvmånesamskipnader 1997–2001. I begge verva var ho den første kvinna.[1] Av andre verv kan nemnast styreleiar i Tanum bokhandel AS 1994–2004, styremedlem ved Rikshospitalet frå 1995, styremedlem i Helse Aust RHF 2003–2006, leier i Staten sitt seniorråd 2002–2005, styreleiar ved Norsk institutt for kulturminneforsking frå 2003, leiar i Den norske nasjonalkommisjonen for UNESCO frå 2004 og styreleiar i Selskabet for Oslo Byes Vel frå 2010.

Nøklebye Heiberg er Oslo Høgres fjerde vararepresentant på Stortinget i perioden 2013–2017.[2] Ho vart 16. oktober 2013 utnemnd til statssekretær for Bent Høie i Helse- og omsorgsdepartementet i Erna Solbergs regjering.[3]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Ho er æresdoktor ved Mongolias nasjonaluniversitet i Ulan Bator og æresmedlem av American College of Psychiatrists frå 1999.
  • I 2011 vart ho tildelt den internasjonale Raudekrossen - den høgaste utmerkinga til rørsla, Henry Dunant-medaljen.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 Heløe, Leif Arne. «Astrid Nøklebye Heiberg». Norsk biografisk leksion. Henta 20. desember 2012. 
  2. Stortingets sammentreden tirsdag 1.oktober 2013. stortinget.no.
  3. «Her er de nye statssekretærene», fra nrk.no 16. oktober 2013
  4. Paulsen, Vivian (30. november 2011). «Høyeste utmerkelse». Røde kors. Henta 9. november 2013. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Heiberg, Astrid Nøklebye (2007). Endring og undring : jakten på alderdommen. Cappelen. ISBN 82-02-26878-8. 
  • Heiberg, Astrid Nøklebye; Levin, Mona (2001). Det dyrebare håpet. Damm. ISBN 82-517-8229-5. 
  • Heiberg, Astrid Nøklebye; Rosenberg, Brita (1991). Så mye ensomhet : skjebner, kriser, muligheter. Cappelen. ISBN 82-02-13221-5. 
  • Husem, Elisabeth; et. al. (1996). Fred er ej det beste: Jubileumsskrift til Astrid Nøklebye Heiberg. Psykiatrisk Institutt. ISBN 82-91049-08-4. 
  • Larsen, Øivind (1996). Makt og forakt : om holdninger til politikere. Festskrift til Astrid Nøklebye Heiberg. Universitetsforlaget. ISBN 82-00-22571-2. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]