Astrid Sjultangen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Astrid Sjultangen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. april 1940
Død

3. september 1988 (48 år)

Idrett friidrett

Astrid Sjultangen (23. april 19403. september 1988) var ein norsk friidrettsutøvar frå Kragerø som frå 1963 åtte år i rad vart norsk meister i kulestøyting. Ho var medlem i Kragerø Idrettsforening.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sjultangen vart nummer 2 i noregsmeisterskapen 1961, klart slått av den dåverande noregsrekordhaldaren Edel Leverås. Frå 1963 til 1970 vann Sjultangen samtlege gullmedaljar i kulestøyt i friidretts-NM. Bortsett frå noregsmeisterskapen 1970 sigra ho med stor margin.

5. juli 1964 sletta Sjultangen den tre år gamle noregsrekorden i kulestøyt sett av Edel Leverås. Under eit stemne i Tønsberg støytte ho då 13,25 meter, ei rekordforbetring på 1 cm. Sju veker seinare flytta ho på Gjøvik rekorden til 13,28 m. Nokså nøyaktig to år etter støytte ho 13,63 m i Skive i Danmark. Også i sesongane 1967 og 1968 forbetra ho noregsrekorden, fyrst til 13,73 m i Porsgrunn og så til 13,75 m, begge rekordane sett midt i september respektive år. Over ein 18-dagarsperiode sommaren 1969 forbetra Sjultangen noregsrekorden tre gongar. 15. juni vann ho i København kuletevlinga i trelandskampen Danmark – Noreg – Sverige med sine 13,93 m. Ti dagar seinare støytte ho 13,98 m på Bislett stadion i Oslo. Sin åttande og siste rekord sette ho i Porsgrunn 2. juli då kula landa på 14,23 meter. Denne noregsrekorden gjaldt i nær fem år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]