Astrid Skare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Astrid Skare
Fødd17. januar 1891
Namdalseid kommune
Død18. november 1963 (72 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Astrid Skare (fødd 7. januar 1891 i Namdalseid, død 18. november 1963) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho sat på Stortinget frå Buskerud i tre periodar.

Skare hadde utdanning frå Innherad folkehøgskole og Mære landbruksskole. Ho jobba så på kaffistover rundt om i landet (Oslo, Flekkefjord, Skien, Svolvær). På 1930-talet hadde ho lokalpolitiske verv i Røyken kommune, blant anna var ho varamedlem av kommunestyret 1935–37.

Ho vart vald inn på Stortinget første gong i 1945 og så attvald i 1949 og 1953. I alle periodane var ho medlem av Odelstinget og av kyrkje- og undervisingskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Terje Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985. Biografiar, Kunnskapsforlaget 1985.