Astrid Skei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Astrid Skei (fødd 12. februar 1943) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Skogn i Nord-Trøndelag som vart nordisk meister i handball 1967 og 1970. Gjennom det meste av 1960-åra var ho ein leiande figur i norsk kvinnehandball.

Skei spelte 81 landskampar for Noreg frå ho debuterte i januar 1962 med tap mot Nederland til ho avslutta med siger mot same land i desember 1971, der Noreg vart nummer sju i Handball-VM 1971. Ho var med då Noreg vart nordisk meister i 1967 og forsvarte meistertittelen i Østfold i 1970 og skåra i alt 29 landslagsmål.

Skei vart norsk utandørsmeister i 1970 med Freidig, året etter var ho med då sportsklubben frå Trondheim vann både innandørs- og utandørsfinalen. Skei var Ronglan-spelar i yngre år og spelte ei tid også for oslolaget Vestar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]