Astrofotografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit bilete av Orions belte sett saman av digitaliserte fotografiske plater i svart-kvit gjennom raude og blå astronomiske filter, og ein dataskapt grøn kanal. Platene vart teken ved hjelp av Samuel Oschin-teleskopet mellom 1987 og 1991.

Astrofotografi er fotografi av himmellekamar. Ved fotografiske opptak fell biletet som blir danna på objektivet til kikkerten på ei fotografisk plate. Dei første fotografia av astronomiske objekt var: månen i 1840 av H. Draper; sola i 1845 av H. Fizeau og L. Foucault, stjerner (Vega og Castor) i 1850 av W. C. Bond, solkoronaen i 1851 av A. C. Busch og Berkowski, open stjernehop i 1865 av L. M. Rutherford og komet i 1881.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]