Astrofotometri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Astrofotometri er måling av lysstyrken til himmellekamar. Alt etter kva måleinstrument som vert nytta, skil ein mellom visuell fotometri (netthinna til auga), fotografisk fotometri (fotografisk emulsjon), fotoelektrisk fotometri (fotoelektrisk celle) og fleire andre. Astrofotometri er vanlegvis ei relativ måling, det vil sei at lysstyrken til den vedkomande himmelekamen vert avgjort i forhold til bestemte standardobjekt, til dømes utvalte stjerner. Lysstyrken vert gjeve i storleiksklassar. Dei beste målingane vert gjort fotoelektrisk og kan gje storleiksklassar med ei nøysemd på 0,001.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]