Astrolabe Reef

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Astrolabe Reef
rev
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Stad Bay of Plenty
 - koordinatar 37°33′37″ S 176°23′47″ E
Kart
Astrolabe Reef
37°32′39″ S 176°25′40″ E
New Zealand relief map.jpg
Locator Red.svg

Astrolabe Reef er eit rev nær Motiti Island, utanfor kysten av Bay of Plenty i New Zealand. Revet, som bryt ved fjøre sjø, er ein kjend dykkestad som er ned mot 37 meter djup somme stader.[1] Revet vart namngjeve av Jules Dumont d'Urville etter skipet hans, «Astrolabe», som nesten gjekk på grunn her den 16. februar 1827.[2]

Grunnstøytinga til «Rena»[endre | endre wikiteksten]

Den 5. oktober 2011 gjekk MV «Rena» på grunn på revet. 9. oktober hadde eit 5 km oljeflak spreidd seg og truga dyrelivet og det rike fiskelivet i området. «Rena» var eit containerskip og noko av lasta var lagra ute på dekket. 13. oktober byrja skipet å krenge og over 88 containerar hamna i sjøen og somme vart vaska på land. Somme av containerane som fall overbord inneheld farlege kjemikaliar.[3] Vraket braut i to under ein storm 7. januar 2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]