Astrometrisk dobbeltstjerne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei astrometrisk dobbeltstjerne er to stjerner som anten står langt frå kvarandre med lang omlaupstid der den relative rørsla ikkje kan påvisast, samstundes som ein kan fastlå at dei har same eigenrørsle og avstand.

Det kan òg syne til ei dobbeltstjerne der den mest lyssvake stjerna ikkje er mogeleg å observere. Stjerna ein kan observere vil flytte seg i ein svingande bane over himmelen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]