Passasje i astronomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Astronomisk passasje)

Passasje i astronomi er eit omgrep for når ein himmellekam passerer ein bestemt vertikalsirkel, som regel meridiansirkelen i sør, ein meridianpassasje.

Det kan òg syne til eit fenomen at ein av dei to nedre planetane, ved nedre kulminasjon, står så nær ein av sine knutar at han syner seg som ein liten, rund flekk som flyttar seg over solskiva. Dette skjer under ein Merkurpassasje og ein Venuspassasje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]