Asuka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daibutsu ved Asuka-dera i Asuka er den eldste kjende buddhastatuen i Japan med nøyaktig datering. Statuen blei laga Kuratsukuri-no-Tori, sonen til ein koreansk innvandrar.

Asuka-tida (飛鳥時代 Asuka jidai) var ein periode i japansk historie som varte frå 538 til 710 (eller 592 til 645), men byrjinga kan seiast å overlappa med den føregåande Kofun-tida. Tida har namn etter Asuka-kyō, som var hovdustaden i riket då.

Asuka-tida er kjenneteikna av store kunstnariske, sosiale og politiske endringar. Desse hadde opphav i slutten av Kofun-tida, men var særleg påverka av at buddhismen blei innført frå Kina. Asuka var ein del av Yamatotida, då klanar frå Yamato utvida makta si over riket.

I denne tida blei også namnet på landet endra frå Wa () til Nihon (日本).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]