Aswandammen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 23°58′0″N 32°52′0″E

Aswandammen
Dammen og Nassersjøen på kartet over Egypt.

Aswandammen er ei nemning på to demningar over elva Nilen ved byen Aswan i Egypt. Den fyrste vart bygd av britane i perioden 18981902 og var kring 40 meter høg. Den andre dammen vart bygd i tidsrommet 196070 sør for den fyrste. Denne dammen fekk namn etter dåverande president i Egypt, Gamal Abdel Nasser. Prosjektet skulle etter planen utførast med teknisk og økonomisk hjelp frå USA. Denne hjelpa vart stogga i 1956, då Egypt anerkjende Folkerepublikken Kina. Sovjetunionen gjekk i staden inn og gav den naudsynte hjelpa for at dammen skulle verta bygd.

Dammen er 114 meter høg og over 3,6 km lang. Når vasstanden er høgast er Nassersjøen, verdas største kunstige innsjø. Han er kring 475 km. lang og vert utgjort av nesten 170 milliardar vatn.

Panorama nedanfor Aswandammen.
Panorama nedanfor Aswandammen.
Spire Denne geografiartikkelen som har med Egypt og Storbritannia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.