Asymmetrisk krigføring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Asymmetrisk krigføring skildrar høvet når to partar i ein krig har svært ulik militær kapasitet eller metoder for krigføring. I eit slikt tilfelle må den svakare parten nytte sine spesielle fordelar eller gjere nytte av motstandaren sine spesielle veikskapar om han skal ha von om å oppnå måla sine.

Omgrepet vart kjend under NATO-kampanjen operasjon Allied Force mot Jugoslavia i 1999. Den jugoslaviske hæren nytta villeiing og kamuflasje for å fortsette operasjonane sine trass i ein massiv luftkampanje frå NATO si side.

Døme på asymmetrisk krigføring er all geriljakrigføring og boarkrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]