Atanasovskosjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Atanasovskosjøen
innsjø
Atanasovsko-dinev.jpg
Atanasovskosjøen
Land Flag of Bulgaria.svg Bulgaria
Koordinatar 42.540° N 27.479° E
Byar Burgas
Wikimedia Commons: Lake Atanasovsko

Atanasovskosjøen eller Atanasovosjøen (Атанасовско езеро) er ein salt kystinnsjø like nord for Burgas i Bulgaria, og like i nærleiken av Svartehavet. Innsjøen er om lag 5 km lang og delt i to av ei stripe sand i midten. Innsjøen er kjend for mangfaldig flora og fauna, og er omgjeve av sumpar og kanalar som drenerer heile det lokale nedslagsfeltet til sjøs.

Burgas sett frå andre sida av innsjøen

Sidan innsjøen er salt, på grunn av nærleiken til sjøen, så har det vore produsert salt frå innsjøen sidan 1906, og om lag 40 000 tonn havsalt vert henta opp kvart år. Den nordlege delen av innsjøen har vore eit naturreservat sidan 1980, og er forbunde med Svartehavet via ein kanal, medan den sørlege delen har vore brukt til saltproduksjon og fungerer som ein buffersone for reservatet. Ein veg mellom Varna og Burgas kryssar innsjøen på sandstripa i midten av innsjøen.

Innsjøen inneheld over 230 artar karplanter, der 7 av dei er utryddingstrua i Bulgaria. Han inneheld òg etruskisk dvergspisspmus, som er det lettaste pattedyret i verda. Atanasovskosjøen er òg eit av dei rikaste fugleområda i landet med 314 forskjellige artar, 70 % av alle artane som finst i Bulgaria. 12 av desse er globalt utryddingstrua, mellom anna dvergskarv, raudhalsgås, kvitaugeand, krølltoppelikan og åkerrikse. I tillegg er 17 av artane utryddingstrua i Bulgaria, slik som makrellterne og korallmåse. Årsaka til at det er så mange fugleartar her er at innsjøen ligg i ruta til mange trekkfuglar, og innsjøen har derfor mest fuglar om hausten.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]