Atazardammen
El Atazar-reservoaret | |||
innsjø | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Reservoar | ||
Tilsig | Rio Lozoya | ||
Utløp | Rio Lozoya | ||
Areal | 10,7 km² | ||
Volum | 426 millionar m³ | ||
Koordinatar | |||
![]() Atazardammen | |||
Wikimedia Commons: El Atazar Dam | |||
Atazardammen er ein kvelvdam nær Madrid i Spania i elva Rio Lozoya, like før ho munnar ut i Jarama. Demninga er den eldste kvelvdammen i verda. Bogeforma på dammen er optimal for den samle kløfta der han vart bygd for å halde vatnet tilbake i reservoaret. Bogedammar er tynne og krev mindre byggmateriale enn andre damtypar.[1]
Då dammen vart bygd vart det avgjort at dammen berre skulle lagre og regulere vatn, og ikkje nyttast til straumproduksjon. Dammen vart bygd i 1968 og stod ferdig i 1972.
Utforming[endre | endre wikiteksten]
Dammen er 135 meter høg og 52,3 meter brei ved botn. Kapasiteten i reservoaret er 424 millionar m³. Dammen er av betong og har ein dobbel boge.[2]
Problem[endre | endre wikiteksten]
Overvaking av dammen har vist unormal rørsle. Det er vanleg at dammar rører seg, men venstre sida av dammen har flytta seg meir enn høgresida, fordi ei støtte vart bygd på høgresida slik at han er mindre fleksibel her. I 1977 vart det oppdaga ei sprekke i dammen, og i 1979 hadde sprekka vorte 150 meter lang og vart reparert.[3]
Galleri[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «El Atazar Dam» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mai 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Dam basics». PBS. Henta 31. desember 2006.
- ↑ «El Atazar Background». Henta 18. mai 2009.
- ↑ «El Atazar Problem». Henta 18. mai 2009.