Atem av Tangerine Dream

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Atem
Album av Tangerine Dream
Utgjeve Mars 1973
Innspelt Desember 1972 til januar 1973
Studio Dierks Studio
Sjanger
Lengd 41:28
Selskap Ohr
Produsent Tangerine Dream
Tangerine Dream-kronologi
Zeit
(1972)
Atem Phaedra
(1974)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Head Heritagepositive[2]

Atem er det fjerde studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream.[3] Det kom ut i mars 1973 og var det siste albumet dei gav ut på plateselskapet Ohr.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Atem vart spelt inn i desember 1972, og denne gongen vart det gjort heilt utan hjelp frå gjestemusikarar.

Edgar Froese sa i Melody Maker i 1994: «Atem var byrjinga av eit eventyr. Dei neste åra prøvde me stadig å forbetre og eksperimentere, og sjølv om det ikkje var perfekt - me laga ikkje alltid bra musikk - var det ei tid som gav meg rikare opplevingar enn andre.»[3]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Musikken på Atem varierer frå langsame atmosfæriske stykke til meir aggressiv perkusjon og vokaleksperiment med dynamisk Mellotron. AllMusic skildra stilen på albumet: Atem er meir melodisk og mindre dissonant enn dei tidlegare verka til Tangerine Dream. Denne besetninga set ein fin toppspinn på den gamle progrockstilen. Sjølv om det er vanleg å sjå TD oppført som progressiv rock og kunstrock, er dette albumet rein kosmisk musikk

Albumet vert rekna som det siste av «Pink-åra» og framtidige album skulle bli meir strukturerte (og kommersielle). Julian Cope og Head Heritage skildra det som Tangerine Dream sitt «overgangsalbum».[2]

Barnet på framsida av omslaget er Jerome Froese, sonen til Edgar Froese, som seinare vart medlem av Tangerine Dream. Han var 2,5 år då dette albumet kom ut.

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Radio-prataren John Peel var særs entusiastisk overfor dette albumet og tok det med på lista si over årets album i 1973. Han skreiv og ringde til Edgar Froese for å fortelje han kor godt han likte musikken deira. Det var gjennom denne merksemda at britane for alvor la merke til Tangerine Dream og albuma deira vart bestilt via postordre frå Tyskland. Atem og Alpha Centauri vart begge offisielt gjevne ut i Storbritannia på Polydor på den tida.

I ei seinare melding skreiv Head Heritage at det var «Tangerine Dream si mest eventyrlystne og spanande lytteoppleving», og tittelsporet vart skildra som «det mektigaste augneblikket til TD».[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Edgar Froese, Christopher Franke og Peter Baumann.

Side A
Nr.TittelLengd
1.«Atem»20:27
Side B
Nr.TittelLengd
1.«Fauni-Gena»10:47
2.«Circulation of Events»5:52
3.«Wahn»4:29

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Brenholts, Jim. Atem av Tangerine DreamAllmusic
  2. 2,0 2,1 2,2 «Julian Cope Presents Head Heritage | Unsung | Reviews | Tangerine Dream – Atem». 9. mars 2012. 
  3. 3,0 3,1 Berling, Michael. «Atem». Voices in the Net.