Ateneum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ateneum

StadHelsingfors
Skipa1887
Kart
Ateneum
60°10′12″N 24°56′38″E / 60.1700846°N 24.9439789°E / 60.1700846; 24.9439789
Såra engel (1903) av Simberg heng i Ateneum. Det er kåra til «Finlands nasjonalmaleri»

Ateneum er nasjonalgalleriet i Finland. Kunstmuseet ligg ved jarnbanetorget i Helsingfors. Bygningen er teikna av arkitekt Theodor Höijer og vart ferdigstilt i 1887.

Bygningen inneheld i dag kunstmuseet Ateneum, Billedkunstens sentralarkiv (Kuvataiteen keskusarkisto) og Konstmuseenes utviklingseining (Taidemuseoalan Kehittämisyksikkö Kehys). Alle desse er einingar av Statens konstmuseum (Valtion taidemuseo). Kunstmuseet omfattar òg samtidskunstmuseet Kiasma og kunstmuseet Sinebrychoff.

Bygningen[endre | endre wikiteksten]

Fasaden til Ateneum er dekorert med skulpturar og relieff. Over hovudinngangen, i nivået til andre etasje, finst byster av tre kjende kunstnarar frå antikken: Bramante, Rafael og Fidias. Over dei igjen står fire kariatyder som ber pedimentet. Dei fire symboliserer dei fire klassiske kunstartane arkitektur, måleri, skulptur og musikk. Høgdepunktet til fasaden er pedimentet, der Gudinna for kunst velsignar verk frå dei ulike kunstartene. Desse skulpturane og relieffa er skapt av Carl Sjöstrand. Mellom vindauga i andre etasje finst fleire relieff av finske og utanlandske kunstnarar, utført av Ville Vallgren.

Under pedimentet står det skrive med gullbokstavar «Concordia res parvae crescunt» ('I samklang spirer den vesle'); dette viser til den lange kampen for å få etablert eit kunstakademi. Det finske kunstakademiet Kuvataideakatemia var tidlegare i bygningen, saman med Konstindustriella högskolan (Taideteollinen korkeakoulu).

Trälar under penningen (1893) av Eero Järnefelt

Samlingane[endre | endre wikiteksten]

Samlingane omfattar ca. 20 000 arbeid, og er for ein stor del bygd på donasjonar, av dei vert  ei gåve frå samlaren H.F. Antell rekna som den viktigaste.

Blant kunstnarar som er representert i museet kan nemnast Hans Norsbo, Hugo Simberg, Pekka Halonen, Albert Edelfelt, Ferdinand von Wright (blant anna Stridande tjädertuppar), Magnus von Wright, Marcus Collin, Akseli Gallen-Kallela (blant anna triptyket Aino), Werner Holmberg, Helene Schjerfbeck (blant anna med Rekonvalesenten og fleire sjølvportrett) og Eero Järnefelt (blant anna med Trälar under penningen), Johan Jakob Tikkanen. Skulptøren Johannes Takanen er òg representert.

Museet er opent kvar dag frå kl. 10.00 til kl. 20.30 (17:00 i helga), og stengt måndag.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ateneum på lätt svenska», Konstmuseet Ateneum (på svensk), henta 9. april 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]