Athanasios av Athos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Athanasios av Athos

Føddca. 920
FødestadTrabzon
Daudca. 1000
DødsstadÁthos
Yrkemunk
Helgendag5. juli

Athanasios av Athos (om lag 920-1000) var ein austromersk munk som grunnla eit kloster på fjellet Áthos.

Han vart fødd i Trabzon og fekk namnet Avraamij. Han vart tidleg foreldrelaus og vart oppseda av ei nonne. Han vart sjølv munk i Kiminskij kloster i Vesleasia. Etter kvart grunnla Athanisios eit brødrekloster på Áthos, der han sjøv vart igumen eller abbed.

I følgje segna gjorde Gud Athansios skarpsindig og gav han gåva å utføre mirakel. Med hjelp av krossteikn lækte han sjuke og dreiv ut vonde ander.

Då Athansios følte at han kom til å døy, bad han munkane om å ikkje bli forvirra av det som skulle skje. Etter sine siste bøner og instruksjonar til munkane drog han med seks andre munkar for å sjå til eit byggjearbeid. Med eit fall toppen av klosteret over dei og alle sju vart gravlagde under steinane. Slik døydde helgenen i 1000-1001.

Liket av Athanasius skal ikkje ha endra seg på noko vis i løpet av dei tre dagane han låg under steinane. Under gravferda hans kom det blod frå sår på beina hans. Nokre munkar samla blodet i handklede og mange skal ha vore lækte gjennom det.

Minnefestdagar for St. Athanasios[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]