Atharvaveda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei side frå samhita-delen av Atharvaveda, det eldste tekstlaget.

Atharvaveda er eit heilagt skrift innan hinduismen. Det er òg ei kjelde til vedisk mytologi. Teksten består av religiøse hymne og manande formlar, og er den yngste av dei fire vedaene. [1][2] Han har namn etter Atharvan, ein mytisk lærd prest som skal ha utvikla bønene og formulara,[3] og kan daterast til ca. 1200–1000 f.Kr.[4][5]

Atharvaveda inneheld tekstlaget samhita, som er det eldste, ein brahmanatekst og eit siste tekstlag som omfattar filosofiske funderingar. Dette laget omfattar tre primære upanisjadar som har hatt stor påverknade på ulike skular innan hindufilosofi: Mundaka-upanisjad, Mandukia-upanisjad og Prasjna-upanisjad.[6][7]

Atharvaveda omfattar 730 hymne med rundt 6 000 mantra, og er delt inn i 20 bøker.[8] Rundt ein sjudel av verket er tekstar som Atharvaveda har felles med Rigveda. Sjølv om Atharvaveda blir rekna blant vedaene, står han likevel «utanfor» kjernen av dei tre sentrale (Rigveda, Yajurveda og Samaveda). Noko kan tyda på at han representerer ein parallell kultisk tradisjon.

«Mens Rigveda, Samaveda og Yajurveda alle inneholder skjønne lovsanger til gudene, er Atharvaveda fylt av en ganske annen form for religiøsitet. Her kommer den mer folkelige religiøsitet til uttrykk i magiske dikt for å vinne en kvinnes kjærlighet og for å motvirke skallethet. Atharvaveda inneholder færre bønner enn de andre tre Veda-bøkene, men dessto flere velsignelser og forbannelser og magiske formularer.»[9]

Språket i Atharvaveda utgjer saman med Rigveda og dei mantriske tekstane i Yajurveda den eldste bevarte forma av vedisk sanskrit. Tekstane er dei eldste indiske tekstane som omtalar jern.

Norsk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Carl Olson (2007), The Many Colors of Hinduism, Rutgers University Press, ISBN 978-0813540689, s. 13-14
  2. Laurie Patton (1994), Authority, Anxiety, and Canon: ys in Vedic Interpretation, State University of New York Press, ISBN 978-0791419380, s. 57
  3. Monier Monier Williams, Sanskrit English Dictionary, Oxford University Press, Entry for Atharvan, page 17
  4. Michael Witzel (2003), "Vedas and Upaniṣads", i The Blackwell Companion to Hinduism (red. Gavin Flood), Blackwell, ISBN 0-631215352, s. 68
  5. M. S. Valiathan. The Legacy of Caraka. Orient Blackswan. s. 22. 
  6. Paul Deussen, Sixty Upanishads of the Veda, Volume 2, Motilal Banarsidass, ISBN 978-8120814691, s. 605-609
  7. Max Muller, The Upanishads, Part 2, Prasna Upanishad, Oxford University Press, s. xlii-xliii
  8. Maurice Bloomfield, The Atharvaveda, Harvard University Press, s. 1-2
  9. Sitat frå Signe Cohen si innleiing til Vediske skrifter, 2003.