Athelstaneford

Koordinatar: 55°59′N 2°45′W / 55.983°N 2.750°W / 55.983; -2.750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Athelstaneford

Plassering
Athelstaneford is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region East Lothian
Tradisjonelt grevskap 0
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

0
Koordinatar 55°59′N 2°45′W / 55.983°N 2.750°W / 55.983; -2.750
Diverse annan informasjon
Postnummer 0
Telefon-retningsnummer 0 0
Commons har multimedium som gjeld: Athelstaneford

Athelstaneford (uttalt Earl-SHUN-Furd) er ein landsby i regionen East Lothian i Skottland. Staden ligg rett ved byen Haddington og omtrent 32 km frå Edinburgh.

Tyding i skotsk historie[endre | endre wikiteksten]

I samsvar med ei populær segn er Athelstaneford staden der det opphavlege skotske flagget, ein kvit diagonal andreaskross på himmelblå bakgrunn, først vart nytta. Umiddelbart før eit slag mot anglane (engelskmennene) i år 832 e.Kr. av ein kombinert hær av piktarar og skotarar (skotske gælarar) fekk den piktiske kongen Óengus II ein visjon om Sankt Andreas (St. Andrew på engelsk), som vart krossfesta på ein diagonal kross, og om at det vil bli siger. Den neste morgon kunne skotarane og piktarane sjå ein kvit kross på himmelen bli danna av skyene. Dei vann slaget og den sigrande felleshæren tileigna sigeren til Sankt Andreas og tok krossen hans på flagget sitt og gjorde Sankt Andreas til sin vernehelgen.

Den flyktande engelske kongen[1] vart slakta ned og drepen ved ein vadestad over elva i nærleiken, derav namnet Athelstaneford. Det er fleire versjonar av denne forteljinga, men denne er den mest aksepterte. Kva som enn er sanninga har segnet sementert Athelstaneford sin plass i skotsk historie.

Dagens Athelstaneford[endre | endre wikiteksten]

Fortidsminnestaden Athelstaneford Heritage Centre held til i i eit Dovecot eller Doocot, eit tidlegare duehus som vart bygd i 1583.

I dag er landsbyen omgjeve av jordbruksområde og har lite av den meir urbane blandinga av jobbar, folk og tilbod. Kyrkjesoknet bestod fram til 1658 ikkje av meir enn 1000 acres (4 046 856 m²) og høyrde til jarlen av Winton som hadde sete i Garlton.

Landsbyen har endra seg lite sidan han vart danna på slutten av 1700-talet av Sir David Kinloch av Gilmerton for å betre buforholda for dei lokale bøndene. Kinloch bygde velproporsjonerte hus med ein hage for leige. Ein veveindustri vart grunnlagt i landsbyen og vart kjent for ein stripa tøyproduksjon, men har sidan vorte nedlagd. Det er nokre ruinar frå ei kyrkje som Ada de Warenne, hertuginne av Northumberland (ca 1123–1178) og kona til Henrik av Skottland, fekk bygd ein gong rundt 1178, og som vart gjeven til nonneklostret hennar i Haddington. Ei soknekyrkje frå 1780 vart riven i 1868 for å plass til dagens kyrkje med 500 sitteplassar.

Skodespelforfattar John Home (1722-1808) var sokneprest i Athelstaneford i åra mellom 1847 og 1857. Målaren Archibald Skirving (1749-1819) vart fødd her.

Turistar kan følgje «Saltire Trail», 'det skotske flaggsporet', ei vegrute som passerer ulike lokale landemerke og stader av historisk interesse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nokre kjelder har skildra Æthelstan som ein hærfører og ikkje som ein konge. Til samanlikning var Eanred konge av Northumbria i 832. Æthelstan må ikkje forvekslast med den engelske kongen Adalstein av England (895–939).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]